JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Så kjøper vi Grønland

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eskimoar ved Thule-basen i 1968, ein ryddepatrulje etter B-52-styrten 28. januar som spreidde radioaktivitet over isen og rykte om  amerikansk kjernevåpenstrategi og dansk servilitet.

Foto: Joseph Thomas / Wikimedia Commons

3326
20210521
3326
20210521

I fjor ville president Donald Trump kjøpa Grønland frå danskane, og det var meir enn den haken ved det at det ikkje vart noko av handelen: Danskane sa nei på ein så tverr måte at Trump vart skikkeleg sur og til og med brått avlyste ei offisiell vitjing i København.

Dei som måtte lura på kvar han hadde fått ideen frå, sa ingen ting om det, men eitt og anna kan tyda på at Trump hadde kika litt på gamle notat, truleg frå 1960. På den tida var Donald Trump, som er datostempla 1946, ein vrang tenåring, same årgang som to tidlegare presidentar, Bill Clinton og George W. Bush jr., og hadde synt lita interesse for anna enn pene damer i New York og kreativ eigedomshandel.

I boka Uden mandat, ein biografi om den danske diplomaten Henrik Kaufmann (1888–1963), skriv Bo Lidegaard om ein lite kjend episode frå hausten 1960. Da var det danske kongeparet, Fredrik 9. og dronning Ingrid, på statsbesøk i Washington, og der vart dei mottekne av president Dwight D. Eisenhower. Den hausten var den tidlegare generalen komen til dei siste vekene sine som statssjef i USA, og under ei samtale med den danske monarken slo han frampå om at det enklaste kanskje ville vera at USA gjorde som i 1917, da dei kjøpte dei vestindiske øyane, St. Thomas, St. John og St. Croix, og no kjøpte Grønland frå Danmark. Det, og andre kjøp, hadde amerikanarane sagt nei til femti år tidlegare; da kjøpte dei i staden Alaska frå Russland for sju millionar gullrublar.

Kong Fredrik var som dei fleste av danskane uvitande om noko som offiseren Eisenhower hadde detaljkunnskap om: På Grønland hadde USA flybasar med landingsrettar for fly med kjernefysiske våpen, og nokså rådvill spurde kongen rådgjevarane sine kva dette var for noko. Avtala mellom USA og Danmark var strengt hemmeleg. Ho vart underteikna 9. april 1941 med den aktivistiske diplomaten Henrik Kaufmann som pådrivar og mellommann. Han var dansk ambassadør i Washington utan at han fullt ut representerte den danske regjeringa, som under det meste av okkupasjonen var svært lojal mot Det tredje riket i Berlin, heilt fram til maidagane i 1945. Kaufmann, som var fødd i Tyskland, var antinazist, og som diplomatisk linedansar forvalta han ei svært interessant strategisk dobbeltrolle i desse åra.

Da kong Fredrik vart orientert på møtet i Det kvite huset, ikkje om basane og den hemmelege avtala, men om at Eisenhower hadde planar som storhandel, dulta kongen borti seinare statsminister Jens Otto Krag og sa: «Vi sælger ikke!» Saman med Færøyane høyrde og høyrer Grønland til det som på dansk heiter Rigsfællesskabet, og jamvel om dronning Margrethe 2. ikkje talar inuit, seier ho alltid nokre ord på færøysk kvar gong ho gjestar Færøyane og viftar med det færøyske flagget.

Dei amerikanske rettane på Grønland i dag er ein del av Monroe-doktrinen, som skriv seg frå 1820-talet og er ein leivning frå Napoleonskrigane. For amerikanarane tyder doktrinen at europeiske statar ikkje skal ha rettar på den vestlege halvkula. Dette vert ikkje tolka heilt bokstaveleg, men doktrinen kom til å spela ei storpolitisk rolle under den andre verdskrigen, og dei amerikanske flybasane på Grønland og avtaleverket frå april 1941 heng saman med doktrinen – eller det som enno er att av henne.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei amerikanske rettane på Grønland i dag er ein del av Monroe-doktrinen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis