JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Så grev vi dei opp att

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I fjor avliva danskane 17 millionar mink av frykt for at eit mutert koronavirus kunne spreie seg til menneske. Desse mikane vart nedgravne i eit militært område ved Holstebro. No må dei gravast opp att.

Foto: Morten Stricker / NTBRitzau / NTB

2906
20210514
2906
20210514

I går, på Kristi himmelfartsdag av alle dagar, tok danskane til med å grava opp att fleire millionar mink som vart avliva i fjor haust på grunn av koronasmittefare. Så langt har det kosta ein dansk matminister både jobben og ministerbilen. Kva sluttrekninga kjem på i reine pengar, er det ingen som har oversyn over.

Men det siste har etter kvart vorte så vanleg i Danmark at ingen orkar tanken på å rekna det ut. Dermed slepp vi alle å sjå dei tala. Planane om oppgravinga vart kunngjorde samstundes med at danskane fekk vita at dei hadde tapt ei drabeleg rettssak i London der 27 milliardar danske kroner var gått med i ein skattesvindel som var så fiks at ingen kriminalbokforfattar ville ha hatt kløkt til å skriva ein roman om han.

Svindlaren lever godt og har det fint i Dubai, dit han var lur nok til å flytta frå London medan tid var. Men det danske skattevesenet er noko for seg sjølv, og den lesaren som måtte ha interesse av detaljane og 24 eller helst 48 timar til overs, kan berre ta kontakt. Den danske regjeringa har anka avgjerda, så det vert nok enda ein slant eller to i lomma på advokatane før vi er i mål.

Heller ikkje sjølve oppgravingsprosjektet har ført med seg anna enn energisk risting på danske hovud. For dei danskane som tidleg sa at det kanskje ikkje var så klokt å grava ned alle desse minkane, for desse rotnande minklika kunne øydeleggja grunnvatnet på dei stadene i Jylland som vart den nest siste kvilestaden deira, var nok inne på noko. Dessutan vert det mykje stank på desse traktene, og gravearbeidet og bortkøyringa vil føra med seg mykje støy.

Dei som bur der, har forståeleg nok teke mot meldinga med alt anna enn glede. Som eigar av eit sommarhus på Sjælland har eg fylgt saka med interesse, men det er altså ingen nedgravne minklik og dermed heller ingen minkstank i nærleiken av oss, så vi har berga oss bra bortsett frå det som kjem på skattesetelen. For minkavlarane, som har mista levebrødet sitt, skal rimeleg nok ha kompensasjon for all den visdomen som politikarane har dynka dei med – i eit land som har status som ein av dei fremste landbruksstatane i verda.

Det er vanleg å gje den store svenske statsmannen Oxenstjärna æra for visdomsordet «Du ville förvånas, min son, om du visste med vilken oförstånd denna värld regeras.» Folk som har betre greie på slikt enn eg har, meiner at det var pave Julius 3. så tidleg som på 1500-talet.

Klokt sagt var det i alle høve, og så får den som vil, ta æra. Vi satsar på ein dansk sommar til, og på at han vert så varm at vi greier oss fint utan dei danske minkpelsane som det no ikkje lenger er så enkelt å få kjøpt.

Somme av desse minkavlarselskapa har eksistert i fleire generasjonar, og det seier seg sjølv, med norske statsmannsord, at dei er djupt såra og vonbrotne.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Heller ikkje sjølve oppgravingsprosjektet har ført med seg anna enn energisk risting på danske hovud.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis