Utsyn frå Inderøy

Riksrettssaka

Gruppa som utforma riksrettstiltalen mot Donald Trump, på veg inn i Senatet 9. februar.
Gruppa som utforma riksrettstiltalen mot Donald Trump, på veg inn i Senatet 9. februar.
Publisert

Joseph Biden har ingen lett jobb, men dei første tre vekene hans som president gav han i det minste eitt problem som han ikkje trong kasta bort for mykje tid på å løysa: Skulle han bruka Donald Trump som uoffisiell rådgjevar og gi ekspresidenten innsyn i dei hemmelege sakene som det er vanleg å informera forgjengaren om? I ein tale sa Biden at han ikkje aktar å gjera det, og han grunngav det med at han ikkje kunne lita på at Trump ville halda desse opplysningane for seg sjølv.

I rapporten om president Trumps kontaktar med den russiske toppleiinga står det at han var lausmunna under eit møte med utanriksminister Sergej Lavrov og den russiske ambassadøren i Washington. Dermed såg Biden det nok som overflødig å grunngi dette. Det er ikkje så interessant at Trump har sagt at påstandane ikkje passar; eit dementi frå Trump har liten verdi.

Det er også mogleg å sjå avgjerda frå den nye mannen i Det kvite huset som ei takk for sist; Biden, eller sleepy Joe, har av Trump vorte utskjelt så mange gonger som heilt udugeleg at det kan vera ein passande retur.

Dessutan har Biden satsa noko, men ikkje for mykje, på at Trump kan dømast i den nye riksrettssaka som tok til no tysdag. Det er Senatet, ikkje Biden som har avgjerda her, og det skal mykje til før Trump vert felt. 17 av dei republikanske senatorane må alliera seg med demokratane for at det skal henda, og det er lite truleg at dei har mot eller overtyding til det.

I og bak kulissane rår ekspresident Trump framleis over mykje makt, og skruplar med å bruka denne makta manglar han heilt. Men det skal dei demokratiske senatorane ha: Aktoratet i riksretten viste at dei hadde førebudd seg godt da dei la tiltalen fram, og Trump hadde gjort dei den tenesta at demokratane fekk samla rikeleg med ved til bålet. Likevel er det ikkje uproblematisk å bruka riksretten mot ein ekspresident; avsetjast kan han ikkje. Og jamvel om Ronald Reagans bodord nummer 11 – «du skal ikkje tala vondt om nokon annan republikanar» – er sjeldnare sitert etter Trumps periode, står det framleis i den uoffisielle «lovsamlinga».

Det meste av den demokratiske ammunisjonen er å finna i Trumps hemningslause krav i tida etter valet 3. november om å få omstøytt valresultatet på det grunnlaget at «demokratane stal det» frå republikanarane. Det er rein lygn og vert aldri ståande som noko vakrare enn det, og dei republikanske påstandane under opninga av riksrettssaka om at visepresident Mike Pence enkelt nok berre kunne senda resultata attende til Kongressen, vert aldri meir enn ynkverdig dårleg dikting, og brot på grunnlova til overmål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement