JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Putins uvener?

Ein av dei russiske politikarane som har kome på kant med president Vladimir Putin, heiter Dmitrij Gudkov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den russiske opposisjonspolitikaren Dmitrij Gudkov flykta til Ukraina etter å ha fått trugsmål om arrestasjon i Russland.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

3768
20210611
3768
20210611

Ein av dei russiske politikarane som tydelegvis har kome på kant med president Vladimir Putin, heiter Dmitrij Gudkov, og i førre veka fann han det mest forsvarleg å ta seg over grensa frå Russland til Ukraina. Han har lenge vore medlem av den russiske nasjonalforsamlinga.

Det er lett å forveksla han med ein annan Gudkov, Lev Gudkov, ein 74 år gamal sosiolog som er sjef for Levada-senteret, eit russisk meiningsmålingsbyrå med høg status. Det har namnet sitt etter Jurij Levada, som i mange år var kollega og nær medarbeidar av Lev Gudkov, og som døydde i 2006.

Frå Levada-senteret har president Putin jamt og trutt fått stadig dårlegare tal, og byrået har vist mange teikn på at statssjefen vert mindre og mindre populær hos russarane. Den misnøya som har kome til uttrykk, har utgangspunkt i den økonomiske utviklinga i Russland, og særleg har det vore vanskeleg for Putin å lykkast med å oppfylla lovnadene om ein aukande levestandard i landet.

I den siste tida før han brått drog i eksil til nabolandet, har Dmitrij Gudkov slett ikkje freista å underslå at han hadde fått barske åtvaringar om at han kanskje kunne ha mykje dårleg nytt i vente dersom han skulle velja å verta verande i Moskva. Med dei tradisjonane som russiske leiarar ofte har halde seg til dersom dei vil gjera livet vanskeleg for motstandarar, er dette etter måten siviliserte metodar.

Godt eksempel på demokratisk praksis er det så visst ikkje, men korkje i Stalins eller i Brezjnevs tid var det slik at ein kunne velja utreise og eksil utan risiko for ein svært ulykkeleg utgang og direkte livsfare. Sett under eitt har dette gjerne vore meir enn nok til at folk mista appetitten på å engasjera seg i ein vidare politisk karriere.

Det var ikkje berre alt det dei kunne utsetja seg for reint personleg; i reknestykket måtte dei ta med kor store kostnadene kunne verta for nære slektningar og familiemedlemer. Dei situasjonane som den opposisjonelle politikaren Aleksej Navalnyj ofte har hamna i, er talande illustrasjonar på dei vilkåra slike folk arbeider under.

For mange av oss er Gudkovs reise til Ukraina spesielt tankevekkjande på grunn av tidspunktet. I morgon, laurdag 12. juni, er det Russlands nasjonaldag. Det var da Boris Jeltsin våga det som Mikhail Gorbatsjov ikkje hadde mot til: Han skreiv ut frie val, han vann, og han vart kåra til Russlands president. Det vart avgjerande for at han utmanøvrerte Gorbatsjov, og det vart den endelege spikaren i den sovjetiske likkista. Kor stor lykke det var for Russland, er diskutabelt og meir enn det, men det er framleis offisiell flaggdag. Det offisielle namnet er Denj Rossiji, Russlands dag.

Dmitrij Gudkov er ein av dei russiske politikarane som Putin no har utmanøvrert, og ingen kan vita om han har ein veg tilbake til russisk politikk. Putin har gjort det meir enn klårt nok kva han sjølv meiner: Det skal ikkje vera plass til slike som Dmitrij Gudkov i det politiske spelet i Putins Russland. Det kunne kanskje vera meir å vinna om statssjefen kunne kvitta seg med Lev Gudkov. Men han er medlem av det russiske vitskapsakademiet, og der er det ikkje plass til å bruka utvisingsparagrafar.

Sjølv Andrej Sakharov kunne ikkje sparkast, kor brysam han enn var. Og temmeleg sikkert vil det koma meir av dårleg nytt frå Levada-senteret og Lev Gudkov, same kor mange gonger og kor effektivt Vladimir Putin gjer det klårt for oss alle at han er av dei politikarane som helst vil ha godt nytt. Berre godt nytt. Det er lite truleg at det kjem når han og president Joe Biden møter kvarandre i neste veke.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For mange av oss er Gudkovs reise til Ukraina spesielt tankevekkjande på grunn av tidspunktet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis