JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

President Putin som supermaktssjef

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den russiske presidenten Vladimir Putin og den kviterussiske presidenten Alesander Lukasjenko tek kvarandre i handa på ein konferanse i Moskva tidlegare i haust.

Foto: Shamil Zhumatov / Reuters / NTB

2205
20211119
2205
20211119

Leiaren i Kreml skal finna tonen med den nye regjeringa i Tyskland når ho kjem på plass, og etter det skal Vladimir Putin fundera på grunnlaget for tilhøvet mellom Russland og EU etter at Angela Merkel har gått frå borde i Berlin.

Dette hadde vorte enklare dersom klientstaten hans i Minsk hadde vore greiare å ha med å gjera, men Putin har gjort seg avhengig av Aleksandr Lukasjenko på ein måte som grannestatane til Kviterussland slett ikkje finn heilt ideell, og før årsskiftet vi har i vente, er det all grunn til å tru at Polen kjem vil å bry Moskva langt meir enn russarane helst hadde sett.

Å flytta på ein heil nasjon, med grenseregulering inkludert, er ei form for storpolitisk handverk som Russland har meir røynsle med enn godt er for nokon. Tiltaket løyser sjeldan dei problema som flyttesjauen var utgangspunkt for, og den ferske uroa på den litauisk-polske-kviterussiske grensa kjem utan tvil til å plaga Europa i lang tid framover.

Utanriksminister Vjatsjeslav Molotov såg det lenge før det kom, men at han skulle ha intellekt til å handtera det problemet og dei andre som var i slekt med det, var å venta for mykje av han, jamvel om han hadde gått i ein hard skole hos Josef Stalin.

Vladimir Putin har skaffa seg ein tidshorisont som vil gi han meir spelerom enn han kan ha sett for seg da han overraskande arva toppstillinga i Kreml for snart ein generasjon sidan. Men mellom dei problema han lyt gå laus på, er arbeidet med å finna ein tenleg plass for det russiske storriket på eit verdskart der Kina kjem til å gjera krav på plassen som supermakt utan at det går ut over Russlands interesser.

Om Putin var dressert til å tenkja i slike banar, veit vi utanforståande lite eller ingen ting om. Makthavarar i Kreml lærer seg kanskje raskare enn andre at vegen vert til medan ein både vandrar og tenkjer vidare, og dei som er i nærleiken, får undervisning etter kvart. Det vert aldri meir enn ein fjern draum for oss småfolk langt mot nord, men det kunne ha vore interessant å få lesa dei instruksane som Hsi Jingping gir dei.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Å flytta på ein heil nasjon er ei form for storpolitisk handverk som Russland har meir røynsle med enn godt er.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis