Utsyn frå Inderøy
Når sjefen vil vera sjef
Politisjef Hans Holmer på ein pressekonferanse i samband med drapet på Olof Palme i 1986.
Foto: Borje Elgstrand / AP / NTB
Det er ingen spøk å kritisera svenske sjefar, og den som hugsar så langt attende som til drapet på statsminister Olof Palme ved månadsskiftet no for 35 år sidan, har heilt sikkert heller ikkje gløymt politisjef Hans Holmér i Stockholm. Etter drapet tok han tok bustad på kontoret sitt i trua på at dette kunne ingen greia betre enn han sjølv. Der vart han buande, natt ut og dag inn, og ingen hadde ryggrad til å fortelja han at ein sjef mellom anna skal delegera slike oppgåver til dei som har praktisk erfaring, først og fremst politietterforskarar.
Det Holmér ikkje hadde røynsle med, var skriving av avisartiklar, og heller ikkje svenske redaktørar hadde ryggrad – eller vett nok i skallen – til å seia til han: «Holmér, dette er faktisk ikkje di oppgåve, det er vår. Dessutan kan det gå ut over den jobben du skal utføra no. Meiner du kanskje at han ikkje er viktig nok?»
I avisa Expressen slapp politisjefen til, gong etter gong, med heilsideslange artiklar der han skreiv utførleg om kor reint ut strålande etterforskinga hans gjekk og kor dyktig han var, med alle talglysa som stod på eit brett på arbeidsbordet hans og som symboliserte spor. Nokre gonger bles han ut eit lys som symboliserte eit spor han ikkje lenger fylgde. I staden tende han eitt eller fleire nye, truleg til inspirasjon. Det vart stadig fleire lys og stadig fleire og lengre artiklar, og stadig fleire teoriar: Kurdarsporet, det kroatiske sporet, Christer Pettersson og fleire andre.
Ein gløgg dansk kollega ringde meg dagen etter drapet og sa at «eg trur ikkje dei finn drapsmannen». Han hadde i mange år vore ein habil utanriksjournalist, men drapssaker hadde han ikkje spesielt god greie på, så eg gjorde litt godmodig narr av han og spurde korleis han hadde fått dette for seg. «Dette er ikkje godt nok», sa han. «Har du sett at det svenske politiet seier at dette er ei enkel sak fordi dei har funne ei brukt geværkule som er svært lett å spora fordi typen er så spesiell? Ammunisjonsekspertar har alt i dag sagt at det finst ingen vanlegare type ammunisjon mellom jaktekspertar i heile Sverige. Dei er heilt på jordet.»
Eg hadde fått dette med meg, men politietterforsking og drapsvåpen har eg sysla fint lite med, så eg tenkte at «dei veit vel kva dei gjer».
Fleire slapp til i Sverige. Nokre veker etter drapet sa tre av dei dyktigaste kriminaljournalistane i Dagens Nyheter opp jobben sin på dagen. Dei hadde funne ut at sjefredaktøren, Christina Jutterström, hadde gått med på å plassera ein nær kollega på eit hemmeleg kontor på bakrommet hos Hans Holmér. Der skulle ho få tilgang til alt materialet hans, og føremålet var at ho skulle skriva den endelege historia når drapssaka var oppklåra. For som det forstår seg, var det ingen tvil om at det ville ho verta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.