JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Når sjefen tek ordet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Putin har om ikkje lenge styrt det russiske riket lenger enn Stalin, som døydde for snart 60 år sidan.

Foto: Alexei Nikolskij / Kreml / Sputnik / Reuters / NTB

3403
20210709
3403
20210709

President Vladimir Putin er av dei statssjefane som tek ordet for å ha det ei stund – og det vil seia så lenge som det passar han. Den seinaste, men temmeleg sikkert ikkje den siste oppvisninga hans, gjekk i russisk fjernsyn 30. juni, og som han har gjort til vane, varte solosendinga hans i fire timar.

Neste gong vert truleg i midten av desember. Dette er den måten han har valt som styresett heilt sidan han vart utpeika til president for vel tjue år sidan. Kor nøgde russarane flest er med dette, er uvisst, men tradisjonen i Russland – og den var det ikkje Putin som innførte – er at det er skrint med alternativ, og slik har det vore i svært mange generasjonar.

Heilt demokratisk er det kanskje ikkje, men ein skal ikkje ha altfor solide detaljkunnskapar om russisk historie for å vita at det svært ofte var verre før. Og for mange russarar gjeld det dystre slagordet: «Stell godt med sjefen din, det er ikkje sikkert at den neste vert betre.»

Då Mikhail Gorbatsjov melde seg med reformtankane sine midt i 1980-åra, slo den russiske folkehumoren til med innarbeidd og imponerande litterær kraft: «Kven støttar den nye partisjefen? Svar: Ingen. Han kan stå ved eiga hjelp.»

Så etablert som evneløysa var i Brezjnev-perioden – mange eldre folk hugsar så vidt Leonid Brezjnev (1906–1982) enno, både i Russland og i utlandet – var det ikkje eingong ein vits. Og Gorbatsjov, som enno lever, er knapt nok hugsa av andre enn historikarane i dag.

Vladimir Putin har om litt styrt det russiske riket lenger enn Stalin, som døydde for snart 60 år sidan. Putin låg enno i vogga og hadde ikkje fylt året då Stalin vart gravlagd. Det er den likskapen mellom han og Stalin at det knip med å få gjennomført dei lovnadene han går til val på, men han vert ikkje stilt til ansvar for det som slår feil.

Derimot flyt han godt på fråværet av alternativ og den utbreidde trua på at den sitjande leiaren er sjølve sinnbiletet på stabilitet. At problem da ikkje vert drøfta, langt mindre løyste, er mindre viktig, og leiarar av kaliber som Aleksandr Lukasjenko i lydriket Kviterussland kan styra i fred, ro og uforstyrra korrupsjon, og for den del i mønstergyldig brezjnevsk evneløyse.

Det er heller ikkje slik at Putin risikerer å verta stilt til ansvar for at det sovjetrussiske multinasjonale storriket gjekk i oppløysing; for den som tenkjer storrussisk, var det Gorbatsjov som ikkje makta å halda saman den stormakta han fekk i arv.

Verre enn det: Mange av dei små nasjonane som vart delar av dette riket i samsvar med sann russisk imperialistisk tradisjon, fann på fredeleg vis sin naturlege plass i ein vestleg, demokratisk, kapitalistisk allianse, og lite, om noko, var att av den marxistisk-leninistiske ideologien som skulle gjelda som ei lytefri og ikkje minst heilt vitskapleg oppskrift for framtida. Dette vart ein historisk kjempefiasko. Om det tagde Putin klokleg da verda og vi andre kom så langt som til hundreårsmarkeringa av Lenin og Marx’ storverk, og han veit så altfor vel at det ikkje var hans skuld.

Da er det tryggare å halda fram med dei politiske standardtalane over datamaskinen eit par gonger i året og minna om at Russland i dag er ei stormakt på line med USA, om enn økonomien aldri så mykje er ein heilt annan på den vestlege halvkula.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For den som tenkjer storrussisk, var det Gorbatsjov som ikkje makta å halda saman den stormakta han fekk i arv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis