JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Når gamal «venskap» rustar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den tsjekkiske presidenten Milos Zeman har hatt eit godt samarbeid med Putin, så godt at Zeman tagde bom stille i august 2018 da  tsjekkarane gjerne ville markera 50-årsdagen for den sovjetiske invasjonen i 1968.

Foto: Petr David Josek / AP / NTB

3550
20210430
3550
20210430

Utvisingar i dusinvis er ikkje heilt vanleg i diplomatiet; oftast er det enkelttilfelle, og skuldingane går gjerne ut på at den diplomaten som må heim, har drive verksemd som er i strid med hans eller hennar diplomatiske status.

Det kan vera noko i det, men gjerne er det ei kvittering for at den som får reisepass, må dra heim fordi vertslandet sjølv har måtta senda ein representant i retur. Det hender at det vert gjort i flokkvis, tidleg i 1970-åra sende den britiske regjeringa over 70 sovjetiske diplomatar attende til Moskva. Så mange diplomatar hadde ikkje Storbritannia i Moskva, og da vart det vanskeleg med likevekta.

For to veker sidan sende den tsjekkiske regjeringa 16 russiske diplomatar heim frå Praha, og den avgjerda kom overraskande av fleire grunnar. Fordi russarane ikkje godt kunne tømma den tsjekkiske ambassaden i Moskva for tsjekkiske tenestemenn utan at det vart ei ekstra stor belastning, fann dei ein ny vri: President Putin underteikna eit dekret om at sivile utlendingar ikkje får arbeida ved utanlandske stasjonar i Russland. Dei gjer lettare og mindre viktig kontorarbeid, men ei slik blokkering fører til store praktiske vanskar for den daglege drifta av ambassaden.

Men grunngjevinga var original og overraskande frå tsjekkisk side: Tsjekkarane sa at russiske etterretningsagentar hadde stått bak ein sabotasjeaksjon mot eit ammunisjonslager lengst aust i Morava (Mähren), ikkje langt frå byen Zlin på grensa til Slovakia. Og dei hadde namn og bilete: Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov var dei to som for fire år sidan brukte nervegifta novitsjok mot ein russisk avhoppar og dotter hans i den britiske byen Salisbury. Britane meiner at dette er agentar for den russiske militære etterretningstenesta GRU, og at dei eigenleg heiter Aleksandr Misjkin og Anatolij Tsjepiga. Alle slike agentar har falske namn, og som markering av at dette er ein spesiell bransje, heiter dette kodenamnet «legende», der både namnet og biografien er oppdikta.

I mi tid som korrespondent i Moskva var det ein kontaktperson som heitte Viktor Louis, som hadde lov til å «hjelpa» utlendingar. Det kom ein biografi om han etter at han døydde, og tittelen var ein fulltreffar: Tsjelovek s legendoj (Mann med legende). Han var russar med fortid i fangeleir, han hadde britisk kone, samla på dyre bilar og verka som korrespondent for London-avisa Evening News, og han var den første som melde at Nikita Khrusjtsjov var avsett i 1964. Han melde mykje interessant, og noko av det var altså sant.

Det forunderlege ved dei ferske russisk-tsjekkiske komplikasjonane er den lange reaksjonstida, og at den tsjekkiske presidenten Milos Zeman har hatt eit godt samarbeid med Putin, så godt at Zeman tagde bom stille i august 2018 da tsjekkarane gjerne ville markera 50-årsdagen for den sovjetiske invasjonen i 1968. Lista kan gjerast mykje lengre, og statsministeren, Babis, gjorde sitt beste, men fekk inga hjelp frå presidenten. Det hjelper ikkje på oversynet at også naboane i aust, slovakane, har blanda seg inn og utvist fleire russiske diplomatar frå Slovakia, eller at Babis er halvt slovak.

Etter bragdene i Salisbury har Misjkin og Tsjepiga, alias Petrov og Bosjirov, fått medalje av Putin, som sjølv er gamal etterretningsmann, så her er det mangt og mange ein skal halda styr på.

Å, så mykje enklare det var medan Brezjnev enno stod oppreist – men mot slutten var vel det omtrent det einaste han gjorde,

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det forunderlege ved dei ferske russisk-tsjekkiske komplikasjonane er den lange reaksjonstida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis