Utsyn frå Inderøy

Når demokratiet ikkje fungerer

TV-serien Krutrøyk sementerte myten om Dodge City som vill vest-byen, med Ken Curtis (Festus), James Arness (Matt Dillon), Amanda Blake (Kitty) og Milburn Stone (Doc) i hovudrollene.
TV-serien Krutrøyk sementerte myten om Dodge City som vill vest-byen, med Ken Curtis (Festus), James Arness (Matt Dillon), Amanda Blake (Kitty) og Milburn Stone (Doc) i hovudrollene.
Publisert Sist oppdatert

Dei første timane som ekspresident har knapt vore noka feststund for Donald J. Trump, men han finn sikkert trøyst i sine eigne sterkt rosande vurderingar av den politiske innsatsen sin som amerikansk statsoverhovud. Likevel, det vert brått tomt og stille rundt ein amerikansk president: telefonane har slutta å kima (stort sett), den legendariske «fotballen» er borte, slanguttrykket for den tunge svarte veska med datautstyret som kan brukast til å setja i gang ein atomkrig, og som aldri er meir enn fem meter unna presidenten.

Det var to slike vesker denne veka: Trump ville ikkje vanæra seg ved å vera til stades under det fysiske presidentskiftet onsdag kveld. Så onsdag reiste han til «hytta» nord for Miami, Mar-a-Lago i Florida, eit lite krypinn med 55 soverom og 38 toalett. (Folkehumoren veit kvifor slike folk har tre dusin toalett: Det er fordi dei er fulle av – nå ja.) Han kjøpte denne eigedomen i 1985 og bygde han om til eit anlegg for golf og ferie. Dessutan gjer han teneste som eit fornemt klubbhus der folk som har meir pengar enn vett, kan kjøpa medlemskap. Det vil seia at dei kan det dersom eigaren får medhald til søknader om ombygging. Det er uvisst om det lèt seg gjera for Trump: Slike mellombels bruksreguleringar er det nokså mykje lettare å få gjennomført når eigaren har embetsresidensen sin i Washington D.C.

Trump var framleis president da han landa i Florida, men ikkje særleg mange minuttar til, og den nye «fotballen» som stod klar like ved den nye presidenten i Washington, kunne koplast til der.

Som sagt er det vondt å riva seg laus frå slike toppstillingar, men eg møtte ein gong ein amerikansk politikar som ikkje tok seg sjølv altfor høgtideleg, og historia om han kan vera eit passande ord for dagen ved eit presidentskifte. Han heitte Dale Northern og var bilseljar og ordførar i den vidkjende, men ikkje serleg prangande byen Dodge City i Kansas.

Dale Northern tok til motmæle da borgarmeisteren i Washington D.C. blanda seg inn i ordskiftet om kriminaliteten i den amerikanske hovudstaden. Den hadde auka meir enn sømeleg, og Marion Barry, som var meir korrupt enn godt var for renommeet, sa til sitt – og hovudstadens – forsvar at drapstala rett nok hadde auka så reint for mykje, men, la han til, det er trass i alt ikkje Dodge City.

Dette inspirerte ordførar Dale Northern til å ta ordet. Han gav Marion Barry rett: Dodge City var noko heilt anna. – Det var 600 drap i Washington D.C. i fjor. I Dodge City var det berre eitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement