JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Monarkar ved høg alder

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Harald har vore med oss i 85 år.

Kong Harald har vore med oss i 85 år.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Kong Harald har vore med oss i 85 år.

Kong Harald har vore med oss i 85 år.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

3663
20220218
3663
20220218

I dei nordiske kongefamiliane vert folk gjerne gamle, og det er unntaket at kongar døyr før dei har nådd femtiårsgrensa. Kong Haakon vart 85 år, enda han var sjukleg dei siste åra, og for dronningane i Danmark er 100 år ikkje uvanleg.

Kong Frederik 9. hadde røykt dugeleg i årevis før helsa hans svikta eit stykke ut i sekstiåra, og mor til dronning Margrethe var av dei sterke, i likskap med slektningane sine i det svenske kongehuset. Etter hjarte- og kreftoperasjonar var det ingen grunn til å lita på at kong Harald skulle vera sikra eit liv på same lengd, men mot slutten av månaden rundar han 85 og konkurrerer – om det skulle vera det rette ordet – med kong Haakon.

Da den polske nobelprisvinnaren Lech Walesa skulle henta fredsprisen i Oslo i 1983, var det eit vonbrot for han at han ikkje fekk møta den norske monarken. Det hadde han sett fram til, sa han. For oss var det ei påminning om at symbolverdien ved kongedømet er noko meir enn staffasje og klipping av snorer; i utropet «Kongen er død – leve kongen!» ligg det noko mykje meir enn tomt seremoniell: Det er eit signal om stabilitet og kontinuitet: Statsordninga held fram.

Nikita Khrusjtsjov fann dei rette orda da han vart avsett i oktober 1964: Han slengde frå seg dokumentmappa si og sa: «Vel, så vart eg altså pensjonist. Og kanskje er det noko av det viktigaste eg har utretta, at det var mogleg å verta det.» Opp gjennom historia har pensjonsordninga for leiarar i Russland ikkje vore gode, men her kom eit eksempel som skulle få sin plass i historiebøkene.

Mindre enn eit halvdusin stortingsrepresentantar røystar for endring av statsforma ved den årlege voteringa i Stortinget. Det har eit sterkt preg av pliktøving, det beste argumentet for å halda fast ved noko så ulogisk og forelda som det arvelege kongedømet er at det fungerer og har gjort det sidan 1905 i denne omgangen. Om det for alvor skulle verta snakk om endring av statsforma, er det utenkjeleg at det skulle gå føre seg på anna enn fredeleg vis.

– Vi er her så lenge det er bruk for oss, er den formuleringa kong Harald tyr til, og ingen har innvendingar mot den vurderinga.

Ein av klassekameratane mine på landsgymnaset i Steinkjer var republikanar, og far hans hadde stemt for republikk i november 1905. Han nemnde av og til at det var dumt av nordmennene at dei ikkje gjekk inn for republikk når dei hadde sjansen i 1905, men han låg ikkje vaken om nettene av den grunn.

Symbolverdi er eit vanskeleg omgrep. Men vi fekk sjå og røyna kva som reelt ligg i ordet etter 22. juli 2011, med kong Haralds minnetale over dødsoffera. Eg tenkte med meg sjølv at det går i det minste eitt år før nokon på ny no nemner tanken på innføring av republikk, og det gjekk nokre månader over det før alt fall til ro att.

Ja, det er ei lite demokratisk ordning med makt som går i arv, moderne er det heller ikkje. Det udemokratiske ligg i at dei personane som det gjeld, er basta og bundne og ikkje kan velja sjølve. Så vel vi for dei.

Dei skal stella seg svært dårleg før kongehuset vert avvikla. Dei som har gått lengst på den vegen, er svenskane, som har innført republikken i alt så nær som i namnet. For oss andre står kongedømet fast, og lite tyder på at vi får ei endring. Det udemokratiske ligg i at kongen ikkje har råd til å gjera feil. Det er ein pris dei fleste av oss er glade for at vi slepp å betala, urettferdig er det, men det er ein del av den fastlagde ordninga.

Så er det ikkje stort anna å leggja til enn eit varmt «til lykke med dagen» og alle gode ynske, slik det sømer seg for alle 85-åringar.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi er her så lenge det er bruk for oss, er den formuleringa kong Harald tyr til.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis