JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Men skypumper vert vi sparte for

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leivningar etter ei kyrkje i Mayfield i Kentucky, der ein av tornadoane råka 11. desember 2021.

Foto: Adrees Latif / Reuters / NTB

3010
20211217
3010
20211217

Eg hadde ein slektning som var så glad for å bu i Oslo.

– Her er vêret alltid bra, sa han og stirte ut på Oslo-skodda, som eg tykte var fæl og utriveleg, og som eg brukte fleire år på å venja meg til.

– Tenk på alt vi vert sparte for, sa han, vestlandsstormar og høljeregn, og om sommaren er det sol, og den tropiske varmen slepp vi òg.

Det var berre så vidt han vart lei seg når snøen smelta, det var knapt at han tykte vintersesongen vart lang nok. Han hadde vore eitt år i USA, og der hadde han opplevd, og overlevd, eit par skypumpesystem som hadde rasert nokre småbyar i nærleiken.

Det hende at han fortalde om alt desse skypumpene øydela, og eg skreiv det meste på kontoen for amerikanske overdrivingar. Etter åtte år i USA nokre år seinare gjekk det opp for meg at han hadde snakka sant.

Den første helga no i november gjekk det med over tusen heimar og om lag hundre fredelege amerikanarar i det verste skypumpesystemet eg har høyrt om, der delstatar som Kentucky og Tennessee vart råka. Det er øydeleggingar så nådelause, og ein trur knapt nok det ein får sjå på nært hald, og at dei som overlever, gjer akkurat det, så vidt det er. Som bilpassasjer hamna eg eit par–tre gonger i slike system, og ein treng ikkje vera mykje religiøs av seg for å beda inderleg om å sleppa ein runde til.

Ein gong heldt sjåføren min på å køyra inn i eit grisefjøs som brått stod midt på vegen, og nokre vettskremde griser prøve å koma seg unna i god tid før julebordet. Folk gjer som nordmenn når dei får fjøs og andre driftsbygningar øydelagde: Dei byggjer på nytt, på same staden. Å flytta husa til ei anna tomt har lite for seg, skypumpene har ikkje noko føreseieleg mønster, dei berre kjem.

Krafta i dei er slik at farten og styrken ikkje kan målast, instrumenta vert knuste av vindstyrken, så det er berre å lita på forsikringspolisen eller styresmaktene, som nok kjem med eit eller anna hjelpetiltak. Eller ein kan tru at det er Guds straffedom der ein subbar rundt i vrakrestane. Ein fjern slektning i Montana såg lastebilen sin hoppa opp og ned for kvart stormkast, og det einaste han kunne gjera, var å lita på Gud – som han hadde eit heller fjernt og kaldt tilhøve til.

Dei stroka som vart herja av skypumpene no i helga, er vakre, nærast idylliske, men det endrar seg brått og nådelaust. Og så får ein lita på forsikringsagenten.

Det er strok i USA som berre sjeldan får skypumper på vitjing. Nokre tider av året er dei som bur i desse traktene, meir utsette, men i november er dei sjeldsynte. Så trygg er ingen, om ein da ikkje vel å bu i Oslo-traktene – som den skiglade slektningen min. Men han reiste aldri meir til Amerika etter det han hadde sett, og han vart ein trufast gjest i Oslomarka.

Per Egil Hegge

Retting

I Dag og Tid 3. desember skreiv eg om Truls Gullowsen og plasserte han som diplomat i Moskva. Korrekt namn er Per Jahn Gullowsen. Min feil.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å flytta husa til ei anna tomt har lite for seg, skypumpene har ikkje noko føreseieleg mønster, dei berre kjem.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis