Utsyn frå Inderøy

Mannen som ikkje gir opp

Trump-tilhengjarar på det første valkampmøtet til Donald Trump etter at han gjekk av som president. Møtet vart halde i i Wellington i Ohio 26. juni.
Trump-tilhengjarar på det første valkampmøtet til Donald Trump etter at han gjekk av som president. Møtet vart halde i i Wellington i Ohio 26. juni.
Publisert

Ein kan seia kva ein vil om Donald Trump, men han er ikkje av dei som gir opp. I fleire år heldt han fast ved den falske påstanden om at Barack Obama ikkje var fødd i USA og derfor ikkje kunne godkjennast som presidentkandidat – for ikkje å snakka om president – i USA. Men han godtok til slutt valutfallet i 2012 og 2016, og Obama vart kåra som vinnar to gonger og fekk åtte år, to presidentperiodar, i Det kvite huset.

No i juni kom den seinaste, men heilt sikkert ikkje den siste, fråsegna frå Trump om at han eigenleg fekk nokre millionar fleire røyster enn Joe Biden og derfor er å rekna som den rette vinnaren av valet i 2020.

– Valet vart stole frå meg ved valfusk. I august vil dette verta endeleg fastlått, og da vert eg rettmessig innsett som president, sa Trump på fleire valmøte, eller rettare sagt «valmøte», til trufaste og jublande tilhengjarar i delstaten Ohio tidlegare på sommaren.

Dei amerikanarane som ser litt meir edrueleg både på oppteljinga av røystene i november i fjor, på amerikansk politikk og på Trumps svært kreative handtering av sanninga, reknar ikkje med at det kan henda. Dei kallar påstandane hans om at valet vart stole, «den store løgna», og så må veljarane heller samla seg til neste omgang ved presidentvalet i november 2024.

Eit dårleg varsel for Trump er det at dottera Ivana Trump og mannen hennar, tidlegare rådgjevar for president Trump, Jared Kushner, har markert avstand til patriarken og no har flytta nokre hundre kilometer lenger sør i Florida, frå cornflakespalasset Mar-a-Lago heilt til sørspissen av halvøya, nær Miami.

Ein ting må Trump få rett i: Han snakkar heilt sant når han seier at han sterkt mislikar å tapa. Men ein slåstkamp ekstra har han aldri sagt nei takk til, og i sommar ventar det ein runde til som kan gi han det han ber om, og meir til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement