«Lik insekt som vi spyttar ut»
Vladimir Putin tala til folket sitt i samband med at det var åtte år sidan Russland tok Krim-halvøya frå Ukraina i 2014.
Foto: Ramil Sitdikov / Sputnik / Reuters / NTB
Alle vel vi dei ordbileta vi vil ha, og president Vladimir Putin meinte vel at han fann høvelege statsmannsuttrykk da han i førre veke hadde ei feststund på det som i gode, gamle dagar heitte Lenin-stadion i Moskva, og samanlikna kritikarane og motstandarane av krigen med «innsekt vi spyttar ut».
Dermed fekk han sagt kor mykje respekt han har for motstandarane sine, og kva dei kan ha i vente i tida som kjem.
Øydeleggingane av bustader i storbyar som Kyiv og Mariupol, med Lviv og andre senter på ventelista til herskaren i Kreml, sender syrgjeleg nok tankane i retning av det vidgjetne nazisitatet «vil de ha den totale krigen?», og det trudde mange tyskarar i 1943 at dei ville.
Det er eit godt døme på at ein skal vera varsam med det ein ynskjer seg; det hender at det går i oppfylling. For Putin, så langt, har meir gått i oppfylling enn han tenkte seg da han starta krigen 24. februar, og enden har vi ikkje fått glimt av, ikkje enno. Derimot har vi fått målande bilete, i tillegg, av standarden på den propagandaen som Kreml fører til torgs.
Den stilfulle samanlikninga med insekt i munnen er eit bilete som nazistane godt kunne ha mana fram, og utan at det er slikt som held Vladimir Putin vaken om natta, er det av dei ting han kjem til å verta hugsa for når rekneskapen skal gjerast opp. Det er ein pris som ikkje kan gjerast opp i pengar, same kor høg han vert når vi kjem så langt.
Putin vart i fleire år sett på med stor respekt, ikkje minst på grunn av at han verka meir tillitsskapande enn den sjukelege Boris Jeltsin. Det skulle ikkje vara lenge, viste det seg da «den væpna aksjonen» brått sette inn. Og så kom insektsamanlikninga.
Den posisjonen som Russland hadde sikra seg, er øydelagd for mange år framover, og i Kreml er grunntanken i dag at det er dette som skal kjenneteikna den russiske stormakta.
Stalin tenkte slik, og for han var det om ikkje ein rimeleg pris, så ein han var viljug til å lata russarane betala i fleire millionar menneskeliv.
Så kan ein seia at Hitler ikkje gav han noko val, men det er eit reknestykke som historikarane skal stridast om i mange år frametter enno. Det skulle framleis ta lang tid, truleg meir enn heile Putins levetid.
Det er liten tvil om at russarar flest hadde tenkt seg dette heilt annleis, same kor vanskeleg dei har hatt for å sjå på ukrainarane som jamstilte.
Slik makttilhøvet er mellom Ukraina og Russland, er det ikkje lett å sjå på dei to statane som likeverdige. Spesielt er russarar oppdregne til å rekna Ukraina som underlegen når styrketilhøvet skal vurderast.
Men så langt har ukrainarane i denne krigen greidd seg betre enn dei fleste hadde gjort rekning med – når vi ser bort frå den høge prisen dei veikaste har måtta betala: verjelause kvinner og born. Det er dei som kjem på sluttrekneskapen.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den stilfulle samanlikninga med insekt i munnen er av dei ting Vladimir Putin kjem til å verta hugsa for når rekneskapen skal gjerast opp.
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.