Utsyn frå Inderøy
Kva Trump held på med
Elizabeth (Liz) Cheney sit i toppleiinga for republikanarane i Representanthuset, men det er meir og meir uvisst om ho kan overleva sommaren i den stillinga.Elizabeth (Liz) Cheney sit i toppleiinga for republikanarane i Representanthuset, men det er meir og meir uvisst om ho kan overleva sommaren i den stillinga.
Foto: Michael Cummo / The Wyoming Tribune Eagle / AP / NTBFoto: Michael Cummo / The Wyoming Tribune Eagle / AP / NTB
Ekspresident Donald Trump har levd i eit slags politisk eksil i Florida-palasset sitt, Mar-a-Lago, men denne månaden viser han tydelege teikn på at den tida går mot slutten. No bur han seg på mellomvalet i november, der den delen av det republikanske partiet som han kontrollerer, skal sikra seg fleirtalet og dermed få kontroll over Representanthuset i Kongressen.
Det skal vera plattforma hans for ein enda meir effektiv kamp mot Bidens program. «I ei eller anna form vil vi vera tilbake», var bodskapen da Trump tok eit slags farvel med Washington i januar for å spara seg og familien for påkjenninga ved å sjå på at Joe Biden vart teken i eid som president – sikkert eit vondt syn.
Dei fremste av dei partifellane som meiner at han har øydelagt nok, ikkje berre for det amerikanske statssystemet, men også for det republikanske partiet, er blinka ut som fiendar, ikkje berre motstandarar, og dei har tunge motbakkar og beiske adjektiv i vente. Dei er interessante politikarar, og det kan vera bryet verdt å sjå litt nærare på dei.
Den som vert utsett for dei verste spitorda, er senator Mitt Romney frå Utah. Den alvorlegaste synda hans er at han ikkje vann presidentvalet i 2012.
«Eg likar ikkje taparar eller å tapa», sa Trump fleire gonger både før og etter valnederlaget i fjor, og det skal han ha: Her snakkar han sant. Dette grunnsynet ligg under alle sprell som skal rettferdiggjera at han så lenge heldt fast ved at han «eigenleg» vann presidentvalet i 2020.
Med på dette har han fått ein av dei fremste republikanarane i Representanthuset, Kevin McCarthy, som har teke mål av seg til å vera faneberaren for partiet på landsbasis, vel å merke eit parti der Trump framleis er å sjå på som leiar. Folk som ikkje vil akseptera dette som ei udiskutabel sanning, har ei usikker framtid i partiet og dermed i amerikansk politikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.