JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Jyden han æ stærk å sej

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Inger Støjberg braut med partifellane som reiste riksrettssak mot henne.

Foto: Mads Claus Rasmussen / Ritzau Scanpix/ NTB

3328
20210226
3328
20210226

Aksel Sandemose var ikkje mellom dei som lefla med folk han ikkje likte, og sitt eige folkeslag, jydane, gjorde han ikkje unntak for. «Den dybe giftighed i gengældelsen er jydens styrke», skriv han i Rejsen til Kjørkelvik. Da hadde han utvandra til Noreg, mellom anna for å gjera litt godt for det norske tapet av Tordenskjold og Holberg. Og når noko skulle hemnast, var han ikkje av dei som sparte på gifta.

Det har seg slik at eg ofte har amatørfilosofert over likskapen mellom jydar og trønderar. Spesielt store åndsprestasjonar ligg det kanskje ikkje att etter denne tankeverksemda, men desse to folkeslaga har ein likskap i det lakoniske og ordknappe, og underleg nok dyrkar dei denne eigenskapen på kvar sin variant av nordisk. Der ein trønder vil seia «æ veit itj», svarar jyden med «a ved it», og det er praktisk å klara seg utan tolkehjelp. Ikkje mange danskar maktar det når dei vert konfronterte med norsk tale. For jydane går det stort sett greitt.

Dei to folkegruppene har dessutan den tingen sams at dei er både beiske og treffsikre i replikken, og for den som meiner at danskane er milde og blide, er det lærdom å henta dersom ein tek eit fordjupingskurs i dansk debatt. Ibsen skreiv om «det milde islett» som noko av det finaste dansk kultur har overført til barskingane ved iskanten. Det er vakkert sagt og kanskje enda vakrare tenkt, men det bør ikkje overdrivast.

Den seinaste, men heilt sikkert ikkje den siste påminninga om det sterke og seige hos jyden kom denne månaden, da den tidlegare ministeren for partiet Venstre, Inger Støjberg, braut med partifellane som takk for at dei reiste riksrettssak mot henne. At det skulle vera nokon veg tilbake til moderhuset, verkar lite truleg; ho er, som jydar har ord på seg for å vera, sta, sterk og seig nok til å køyra solo. Og den nye partiformannen, Jakob Ellemann-Jensen, son av tidlegare utanriksminister Uffe Ellemann-Jensen, trivst nok best med henne på utsida av partiet. Far hans kom frå Fyn, sjølv er han frå Sjælland.

No er det stridbare folk i norske parti, det er ikkje det, og vi hugsar fleire av dei før nokon rekk å seia Trond Giske eller Haakon Lie. Men kranglinga i danske parti er jamt over både bitrare og beiskare enn dei bølgjene som toppar seg i politikken sør for Skagerrak.

Det hender ofte at det er noko reint ut infamt som set preg på det danske ordskiftet, og det er ikkje rom for tilgjeving. Slikt er kanskje dryge påstandar frå ein trønder som er gamal nok til å hugsa eit så reindyrka talent som Jon Leirfall, så om nokon vil ha eit døme på kor langt danskane kan driva det, skal dei få det frå den danske presseverda: Ein redaktør hadde fått sparken, og det var inga vakker tilstelling. Han vart spurd om kva han no skulle gjera, og han brukte ikkje lang tid på svaret: «Eg skal stella såra mine. Dei sit alle i ryggen og er svært djupe.»

Om han var jyde? Nei. Men han findyrka det ordtaket som Carl Joachim Hambro gav til beste på sine eldre dagar når han av og til stakk innom Stortinget for å helsa på gamle kjenningar.

Det er ikkje så mykje å høyra frå deg no, sa den høflege aldrande yrkesbroren. Hambro sukka og svarte: «Nei. Men jeg går rundt og gjør meget ondt i det stille.»

Han kunne ha vore jyde så god som nokon.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Der ein trønder vil seia «æ veit itj», svarar jyden med «a ved it».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis