JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Julefest

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ketil Haugsand var av dei minst tungbedne lærarungane når nokon måtte opptre på scenen 3. juledag på Folkvang. Han blei sidan cembalist, instrumentmaker og dirigent.

Foto: Ringve Musikkmuseum

2802
20211224
2802
20211224

Oppdraget gjekk på omgang mellom lærarane på Sakshaug skole. Etter tur skulle dei setja opp programmet for julefesten på Folkvang 3. juledag, og den ansvarlege læraren leidde festen og var konferansier.

Noko så fint og framandt heitte det ikkje, men vi snakkar om harde realitetar her. Dei som skulle medverka, var stort sett tungbedne, og dermed gjekk det som det måtte: Om det inga anna råd var, var det lærarungane som måtte til pers.

Med oss var det inga medkjensle, det hadde seg slik at dei minst disiplinerte var presteungane og lærarungane, og det var liten tvil om makttilhøva.

Far var ikkje så hard i klypa og hadde det litt ugreitt med at hans eigne skulle opp på scena når dei ikkje ville, men det endra ikkje på realitetane, slett ikkje. Så den einaste trøysta var at det ville gå minst tre år, kanskje fire, før klokka og kalenderen kalla att.

Eg trøysta meg med det eg las i avisene; ute i verda var det verjelause born som hadde det verre. Men for den som ikkje var fri for sceneskrekk, var det ei tung bør.

Det var verst for dei som vart utvalde til å syngja, og som altfor vel visste at dei ikkje hadde songrøyst. Eg kjende med dei, for sjølv var eg totalt udugande som teiknar, og eg tenkte med gru på korleis det ville ha verka om eg skulle ha vist fram ei teikning.

Ein så vill idé var det ingen som fekk, og eg fekk ikkje oppreising før i første gym, da vi fekk ein plagsamt entusiastisk lærar som hadde det dogmet at alle kunne teikna.

Da han hadde observert meg eit par veker, sa han aldri det meir, og eg fekk lov til å løysa kryssord i teiknetimen, som den einaste. Det var berging i slikt; eg har aldri løyst kryssord seinare.

Ikkje berre jula, men julefesten på Folkvang gjekk over, og det vart nyår og vår med kvart. Da gjekke det gale i ein norsktime: Lærarane på Sakshaug somla seg aldri til å skipe til skoleskirennet før i april. Da var det mildvêr og førefall, og eg skreiv ein stil om at det sikraste vårteiknet på Inderøy var skoleskirennet på Sakshaug skole.

Dette var så respektlaust og oppsetsig at det vart ekstramøte på lærarrommet. Far fortalde meg det mange år seinare; han hadde meld seg inhabil og vart ikkje med på møtet.

Slik gjekk no dagane, som dei gjerne seier lenger nord, og det var gledeleg lenge til neste julefest. Men eg var komen godt opp i tenåra før eg skjøna kor plagsam julefesten var for den utplukka lærarstaben.

Mellom lyspunkta var gang rundt juletreet og stor nisse som hadde med godteposar til alle i festlyden, så når eg ser attende på det no, leid vi slett inga naud.

Men framleis kjenner eg medynk med dei stakkarane som vart tvinga til å syngja frå ein stor, altfor skræmande og altfor diger scene.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg var komen godt opp i tenåra før eg skjøna kor plagsam denne julefesten var for den utplukka lærarstaben.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis