Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Huset som Donald kjøpte

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mar-a-Lago i Palm Beach i Florida.

Mar-a-Lago i Palm Beach i Florida.

Foto: Marco Bello / Reuters / NTB

Mar-a-Lago i Palm Beach i Florida.

Mar-a-Lago i Palm Beach i Florida.

Foto: Marco Bello / Reuters / NTB

3507
20210219
3507
20210219

Dei problema som ventar på Donald Trump i den første tida hans som ekspresident, bør gi advokatane hans meir enn nok å gjera. Denne fredagsstubben kan vi bruka til å skriva litt om eigedomen hans på austkysten av Florida, Mar-a-Lago i West Palm Beach nord for Miami, der han nokså slukøra tok inn 20. januar etter den siste turen frå Washington med presidentflyet Air Force One, og utan returbillett.

Sladderpressa har det travelt, ho òg, og det er ikkje første gongen at det smaklause «prakthuset» på stranda i Florida får grundig gjennomgå av desse skriveføre og høgvyrde yrkesbrørne og -søstrene mine. Det mest alvorlege for Trump i denne runden er at byrådet i West Palm Beach har det travelt med å leggja kjelkar i vegen for Trump og kan gjera det vanskeleg for han å driva den meir eller mindre eksklusive ferieklubben sin i Mar-a-Lago vidare. Like vanskeleg kan det verta for han å få bu der sjølv, jamvel om han nok ikkje risikerer å verta kasta ut på dagen, og han har alltids Trump-tårnet på Manhattan i New York å ty til om det skulle knipa.

Ein av sosietetsjournalistane inspiserte Mar-a-Lago no i januar, like før det var klårt at Trump måtte ut av Det kvite huset i Washington. Han svinga kniven over all den triste smakløysa: «Det er uråd å overdriva kor komisk og falskt alt saman er», skreiv han. «Ingen som har medlemskap i klubben hans til 200.000 dollar i året, er viljuge til å betala så mykje og er på veg ut, maten er klein, og ingen av medlemene er mindre enn hundre år gamle.» Her er det altså råd for å finna trivnad.

Og bakom alt dette syng – ikkje skogane, men det barske lokale byrådet.

Nabobyen like sør for West Palm Beach heiter Lake Worth og er ganske triveleg, men det er knappast noko for Trump. Vi – familien Hegge, som levde og lever på litt meir smålåten fot – var der på juleferie i 1978. Byen var overbefolka av innvandrarar frå Finland. Det var små, hyggjelege pensjonat, Jimmy Carter var president og dollarkursen var låg, og du kunne parkera på stranda for tre kroner i timen. På aldersheimen var det morgongymnastikk i furulunden for litt støle eldre finnar med rytmiske «yksi, kaksi, kolme». Slik er det sikkert ikkje lenger. Det låg oppsamla finske vekemagasin med reportasjar om dei mange finske utvandrarane som ikkje heilt hadde gjort opp rekneskapen sin til den finske skatteetaten før dei kasta loss og sette kurs for Florida og sommarsola.

Mar-a-Lago, som Donald Trump enno ikkje hadde kjøpt, låg like oppe i hogget. Det var kjent som «cornflakespalasset», for det var bygt av Marjorie Merriweather Post i 1920-åra. Ho hadde pengane sine frå ein av dei store cornflakesfamiliane i USA. Ein av ektemennene hennar var Joseph Davies, som var Roosevelts ambassadør i Moskva under Stalin-terroren i 1930-åra. Ho brukte åra sine i Moskva til å kjøpa opp russisk kyrkjegods, fleire jarnvegsvogner av det, og mykje av det er i dag å sjå på den gamle eigedomen hennar, Hillwood House i Washington, eit praktmuseum. Davies skreiv boka Mission to Moscow, der han garanterte for Stalins rettsstatsprinsipp og fekk eit opplag på 700.000. For dei som interesserer seg for så sære ting, brukte AKP(m-l) i Noreg boka som prov på at kapitalisten Davies verkeleg forstod noko av den store Stalin.

Storpolitisk innsikt og forstand sit altså djupt i veggpanelet på Mar-a-Lago den dag i dag, så det er berre å fylgja med vidare for den som orkar.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Storpolitisk innsikt og forstand sit altså djupt i veggpanelet på Mar-a-Lago den dag i dag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis