Gamal bagasje
Marine Le Pen tapte presidentvalet i Frankrike 2022, men ho gjorde det betre enn faren hadde for vane.
Foto: Christian Hartmann / Reuters / NTB
Den gamle bagasjen som fader Le Pen kunne tilby veljarane, hadde altså heller ikkje denne gongen den appellen som gamlefar vona på. Toget kan alt vera gått for Le Pen, for alt vi kan vita.
Det uføreseielege ved dette valet kan ved neste val by på faktorar som vil ha vakse seg sterkare og som kanskje vil øydeleggja sjansane hans og endra han til eit fortidsfenomen. Det vil han finna urettvist, men det vert det ingen valsiger av, uansett kor lett det vil vera å skjøna psykologien bak ein slik reaksjon. For Marine Le Pen låg det ikkje i korta at ho skulle kunne dra nytte av dei endringane som Putins krig hadde å by på, og ingen av oss kunne vita korleis ho skulle bruka situasjonen i Ukraina til å hala ein siger i land.
Eitt av godorda som statsminister Harold Macmillan let gå i arv da han overraskande vart statsminister i januar 1957, gjeld framleis: «Kva er du mest redd for?» var eitt av spørsmåla som han fekk. «Hendingar, guten min,» svara han. Hendingar har det med å koma når ein minst ventar dei, og i former som sjølv dei skarpaste ikkje er førebudde på. Heller ikkje Emmanuel Macron er førebudd på dei, og førebuingane er ofte mindre enn tilstrekkelege. Her stiller politikarane likt i mange tilfelle, og ofte kjem dei til kort, anten dei heiter le Pen eller Macron. Urettvist er det. Det hjelper lite.
Påfallande er det at det «gamle» fleirpartisystemet som verka så stabilt, langt på veg er viska ut i og med at nye kvinner og menn har meldt seg til dåd og ny stemmefisking. Vi veit enno ikkje om dette kan gi ei fornying av heile valsituasjonen i eit land som har vore svært oppfinnsamt i det landskapet som franske veljarar har teikna gjennom dei seinaste generasjonane, med intrikate forkortingar og uventa konstellasjonar der det har vorte rydda plass for mykje nytt. Men det har skorta monaleg på vilje og evne til fornying av politikken og av tankar som skulle gi plass for nye kvinner og menn, noko som tradisjonelt har gitt rom for politiske tankar som alltid har hatt appell til dei franske åndsmenneska, og som dei med ein viss rett har vore stolte av.
Men gamle Le Pen vart ingen fornyar; det biletet av han og den dommen kan vi utforma alt på dette tidspunktet. Så er det kanskje nyliberalismen hans som alt er gått i frø, ein dom som langt på veg er forma av tenkjarar som alt har framtida bak seg. Det lovar ikkje godt for den tankebygginga som har vore eit kjenneteikn og eit adelsmerke for det politiske grunnarbeidet i det politiske Frankrike, og kanskje har det politiske arbeidet i landet stagnert på ein måte som ikkje eingong pessimistane hadde våga å skissera for seg sjølve.
Lite tyder i dag på at den unge Le Pen kan fylla den plassen som no krevst for det nye Frankrike. Og dei som ventar på den fornyinga som landet ser for seg, og som dei jamt over har vore vane med å henta på samleband hos ferskt utklekka filosofar frå vidgjetne læreanstaltar, ikkje utgjer den køen som franskmennene til vanleg tenkjer seg, dersom vi kjenner dei rett. Den ventetida kan det verta spanande å fylgja. Det viser seg få teikn på at dei nye tenkjarane skal rykka inn på dei plassane som no er tomme.
At slikt vantar i Noreg, er lite å undrast over, men just i Frankrike har det tradisjonelt vore råd med den typen redningsmenn.
Kjem tid, kjem råd, lyder eit gamalt ordtak, men det har ein litt for solid og traust norsk klang. Og at Frankrike skulle finna på å henta filosofisk-politisk inspirasjon frå iskanten i Noreg, ville vera reint for mykje å vona på.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hendingar har det med å koma når ein minst ventar dei.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.