Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Festen er over for Boris

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I parlamentet slåst Boris Johnson for livet sitt i Downing Street nr. 10.

Foto: Jessica Taylor / UK Parliament / Reuters / NTB

3349
20220204
3349
20220204

Det Boris Johnson har satsa på denne etterjulsvinteren, er at for få av dei konservative medlemene i Underhuset skal samla seg om å kasta han som partisjef og dermed få han avsett som statsminister.

Regelverket for ein slik prosedyre er tungvint og lite oversiktleg, og det vert ikkje lettare av at det stadig gjennomgår endringar. Dermed er utfallet av dette spelet uvisst, for eit spel er det, og med bråk, ståk og tilrop som ville ha enda med refs og høgtlesing frå regelverket om stortingspresidenten i Noreg hadde opplevd så usømelege ting.

Det usømelege ligg i at vi i Noreg ville ha tolka det som regelbrot, men i Storbritannia ser dei litt meir romsleg på slikt, og desse tilropa er lite å ta på veg for. Men for den som er van med det korrekte som er mønsteret i det norske Stortinget, er det eit lite sjokk å oppleva det første gongen.

Det som i utgangspunktet er problemet for Boris Johnson, er at han er ein rabagast og tykkjer det er heilt i orden å oppføra seg som det. Men han risikerer framleis avsetjing fordi han absolutt skulle ha ein fest i statsministerbustaden, om tilstellinga aldri så mykje kolliderte med ei sørgjehøgtid den kvelden prins Philip låg for døden.

Same korleis ein ser på det, var det mange som fann at dette var for drygt, og det vart understreka berre nokre dagar seinare da dronning Elizabeth måtte sitja mo åleine under sørgjehøgtida etter 70 års ekteskap.

Midt oppe i alt dette har Boris Johnson ikkje vore raus med å gi korrekte opplysningar, og det har ikkje teke seg pent ut. Som om ikkje det var nok, har hertugen av York, den nest eldste sonen til dronninga, oppført seg slik at dronninga har teke frå han dei kongelege ærestitlane.

Det råkar ikkje statsministeren, men det tek seg slett ikkje bra ut, og det har halde hardt for den britiske pressa å leggja til side dei gamle kallenamna om «Randy Andy» («kåte Andy») og mykje anna som høyrer heime i den meir folkelege litteraturen, eller rettare sagt daglegtalen.

Om Boris Johnson vert nøydd til å gå av som regjeringssjef, får dronning Elizabeth eit svart merke i boka mot slutten av 70 år på trona, ein periode då ho har verna om populariteten sin gjennom skilsmål og mykje anna som ikkje har vore hennar skuld.

No skal det meir til, mykje meir, før dette vert ei påkjenning for monarkiet som institusjon i eit land som Storbritannia. Det bør ikkje gløymast at dette monarkiet kom seg gjennom noko så dramatisk som ein kongeleg abdikasjon for 50 år sidan, og enno lever slagordet om at det alltid vil finnast minst fem kongar i verda: kongen av England, som vi får når dronning Elizabeth kjem vil vegs ende, pluss spar konge, hjarter konge, ruter konge og kløver konge. Slik var det da tronene vakla og fall i det meste av Europa, og slik vert det nok i tida som ventar oss òg.

Medan statsministrar kjem, går og fell, og kan erstattast. Ingen veit enno om Boris Johnson hamnar i den rekkja. Men slik han har stelt seg, ligg han framleis dårleg an, og det krevst eit krafttak frå hans side om han skal berga stillinga og jobben.

Temmeleg sikkert vert det mindre festing, og fleire enn dei fåtalige britane som er fråhaldsfolk, vil sjå det som eit dumt trekk frå mannen i Downing Street nr. 10.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Problemet for Boris Johnson er at han er ein rabagast og tykkjer det er heilt i
orden å oppføra seg som det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis