Ferske danske gullhorn
Kopiar av gullhorna som gjekk tapt, er utstilte i Nationalmuseet i København.
Foto: Jan Mehlich / Wikipedia
Kopiar av gullhorna som gjekk tapt, er utstilte i Nationalmuseet i København.
Foto: Jan Mehlich / Wikipedia
Eg trudde i mange år at det lange og kompliserte romantiske diktet «Guldhornene» var noko som verjelause danske skoleelevar måtte pugga utanboks.
Det kunne vel ha vore sant, men på Steinkjer offentlege landsgymnas i 1950-åra nøgde vi oss med anslaget i dei sterke opningslinene: «De higer og søger i gamle Bøger» av Adam Oehlenschläger, om dei verdfulle og prydelege gullhorna som vart funne i ein dansk åker, men som så forsvann frå eit dansk museum og seinare vart gjenskapte som eit monument og atterreist på ei gate nær sentrum i København.
Der fekk dei plass i den frodige danske folkehumoren: «Det blæs i desse gullhorna kvar gong ei jomfru går forbi, og seinast lét dei lyda frå seg ein gong på 1700-talet.» Som Karl Marx skal ha sagt, repeterer historia seg, andre gongen som komedie. Han fekk ikkje heilt rett da heller.
For komedie var det slett ikkje da danskane no i den første septemberhelga med brask og bram kunngjorde at 22 flunkande nye og svært forseggjorde gullstykke var gravne opp i ein åker ved Vejle på Jylland (ja da, danskane seier «i Jylland», så kom ikkje her). Det var ein museumsstyrar som heiter Mads Ravn som kunngjorde funnet, og straks braut debatten laus om korleis det skal sikrast slik at eit så skammeleg tjuveri ikkje hender enda ein gong.
Det tok lang tid, men mysteriet om kvar dei tok vegen første gongen, er løyst; det var ein gullsmed i København som stal dei og smelta dei om. Han hadde ikkje late seg overtyda av dei vakre dekorasjonane og forsiringane, og han meinte som fagmann at gullverdien i seg sjølv var høg nok til at omsmeltinga var den beste måten å ta forsvarleg vare på denne skatten på.
Kor lenge dei «nye» gullsmykka frå 2020-talet hadde fått liggja i fred djupt nede i jorda ved Vejle, veit ingen, men dei var gravne så djupt ned at det er først i nyare tid danskane fekk skaffa seg landbruksreiskapar til å grava så langt ned.
Mads Ravn hadde lese både dansk historie og dansk lyrikk, så han heldt munn i imponerande lang tid. Det skulle ikkje koma enda ein altfor klåfingra gullsmed og øydeleggja slike gudefunn som i si tid hadde hjelpt poet Oehlenschläger med råstoff til så storfelt lyrikk.
For Oehlenschläger meinte at den slags ikkje kunne vera noko mindre enn gudegåver, og slikt hadde mannen sans for. Ikkje berre skreiv han dikt som har stått seg godt gjennom hundreåra; han hadde to i seg til å gi arvestoff vidare til å forma leiande norske politikarar: Dottersonen hans var statsminister Wollert Konow, som representerte Søndre Bergenhus på Stortinget og var regjeringssjef frå januar 1910 til februar 1912.
Han vart felt fordi han som folkehøgskolestyrar viste større sympati for målsaka enn den konservative opposisjonen og mykje av hovudstadspressa ville godta, og kor beisk og langdryg den norske språkstriden enn har vore, er Konow (S.B.) den einaste norske statsministeren som har måtta ta avskil med det spørsmålet som hovudårsak.
Per Egil Hegge
Kor lenge dei «nye» gullsmykka frå 2020-talet hadde fått liggja i fred djupt nede i jorda ved Vejle, veit ingen.