Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Eldsprutande Spitfire

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Morten Messerschmidt poserer for pressa. 13. august 2021 vart han funnen skuldig i misbruk av midlar frå eit EU-fond.

Foto: Carsten Bundgaard / AP / NTB

3007
20220128
3007
20220128

Saneringa av partisystemet i Danmark tok eit langt steg framover denne veka da Morten Messerschmidt – eit namn med krut og styrke i – vart vald til formann i Dansk Folkeparti med så mange som 499 røyster på eit ekstraordinært landsmøte i Herning. Messerschmidt, som logisk nok går under aukenamnet Morten Spitfire i det Europaparlamentet han vart ekskludert frå på grunn av eit par litt for fikse innersvingar, fekk med seg eit dusin spontane utmeldingar før oppteljinga var overstått.

Styrken hans er at han ser ut til å kunna overleva det meste av kritikk og misnøye. Men han har mange motstandarar som har tungt for å godta dei svært så kreative vendingane han har satsa på, spesielt når det gjeld økonomiske disposisjonar både i partisamanheng og privat. Han har til no halde seg flytande på talegåvene sine, og det hjelper at mange i tillegg ser han som ein variant av svigermors draum. Han er av dei som aldri går til fånyttes til frisøren.

Mannen som han avløyste, Kristian Thulesen Dahl, sleit med oppnamnet Tøsedrengen (Pysa på godt norsk), og hovudgrunnen til det var at han kvidde seg for å ta partiet inn i regjeringa.

– Vi er ikkje ute etter ministerbilar, var det masete omkvedet hans, og det skulle garantera for at partiet ikkje ville lata seg freista av karrierejag.

I så måte heldt Dahl stien sin rein, men eit parti er ofte ute etter makt, og for det meste av partiet var dette for jomfrunalsk. Det førte med seg den formannsstriden som sende Messerschmidt til topps.

Men Dansk Folkeparti har ikkje hatt ei heldig hand med dei siste valkampane, og ved det seinaste valet gjorde sosialdemokratane under Mette Frederiksen det mykje betre enn dei fleste hadde sett for seg. Maktvilje har det aldri skorta på hos dei danske sosialdemokratane, og når det gamle «faste» regjeringspartiet Venstre er tannlaust under den kasserte statsministeren Lars Løkke Rasmussen, låg vegen open, sant nok berre for ei mindretalsregjering.

Men det finn danskane seg ofte godt til rette med, og saknet av Rasmussen etter at han hadde tusla ut or statsministerkontoret, med ryggsekk som avskilsgåve, har vore til å bera. No tenkjer han i retning av eit nytt parti, eit rekonstruksjonsarbeid som går i temmeleg tung motbakke.

Partifloraen i Danmark er ei komplisert sak, og ingen veit kva Rasmussen kan få tromma saman til den neste valkampen. Han verka sliten og lite inspirert da han stilte opp til det seinaste oppgjeret, og til dei som avløyste han, er avstanden nær ein heil generasjon.

Korkje Mette Frederiksen eller Lars Løkke Rasmussen har hatt ei spesielt heldig hand med den store saka i dansk politikk og samfunnsliv, som er pandemien. Dermed er det meir enn tenkjeleg at Frederiksen og sosialdemokratane hennar vert freda, og at partistriden i det sørlege grannelandet vårt vert fredelegare enn han har vore på lange tider.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Saknet avLars Løkke Rasmussen etter at han hadde tusla ut or statsministerkon­toret, med ryggsekk som avskilsgåve, har vore til å bera.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis