JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Eit flaggskip gjekk tapt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det russiske flaggskipet «Moskva» etter at det «lukkast» med å avskjera eit par Neptun-missil frå Ukraina.

2939
20220422
2939
20220422

Ammunisjonslageret på det russiske flaggskipet «Moskva» vart utsett for ein fulltreffar denne månaden, og det same hende med eitt av ammunisjonslagra på den hypermoderne tyske kryssaren «Blücher» i Drøbaksundet i morgontimane tysdag 9. april 1940. Resultatet vart det same, og jamvel vi lekfolk forstår at eit ammunisjonslager ikkje har godt av slikt, ikkje dei mange som er om bord heller.

No veit vi ikkje heilt sikkert om det var slik det gjekk føre seg, men det vi veit, er at «Moskva» er gått over i historia. Heller ikkje flaggskip, same kor stor symbolverdi dei har, overlever slike katastrofar, same kor godt bygde dei er. Dermed har den russiske krigsflåten notert seg for enda eit alvorleg tilbakeslag som admiralane hadde teke sikte på å unngå. Det hjelper lite med fargerike rader av ordenar, og for den russiske militærmakta er det eit nytt sviande prestisjenederlag etter alt det som har hendt sidan 24. februar.

For president Vladimir Putin er det lite anna å gjera enn å bita tennene saman og lova at krigslykka skal snu. Men to månader inne i ein krig, der mykje har vore gale køyrt og rangt velta, og det med eit propagandaopplegg som heller ikkje har vore av det fin­snikra slaget, står krigsveteranen Putin som noko heilt anna enn den han helst hadde ynskt å vera, og Ukraina står med ein heltestatus som presidenten i landet var visst å trekka fordelar av. Han er skodespelar, og han er i ferd ned å gjera Ronald Reagans ord til sine: «Folk lurer på korleis en politikar kan greia ein slik jobb med min bakgrunn. Dei bør sjå heilt annleis på det: Eg har inga aning korleis eg skulle ha makta dette om eg ikkje hadde hatt røynsle som skodespelar.»

Den beste skodespelaren eg har sett som politikar, var Harold Macmillan, som alvorleg tenkte på å verta skodespelar, og han var formidabel når han skulle fylla ei rolle. Men det er meir enn 50 år sidan, og vi har alle vorte eldre. Mykje eldre.

Det skal seiast at Macmillan viste eit heilt anna handverk enn Putin har lagt for dagen dei siste to månadene. Kanskje har han ein opptur i vente. Men så langt tyder fint lite på det. Og eit forlist flaggskip er og vert eit forlist flaggskip, med utriveleg mange kister med unge folk som har Russlands fremste militærutdanning under vesten. Putin kjem frå ein militær karrierefamilie, og så langt er det lite som lovar godt, om ein ser situasjonen frå russisk synsstad.

Det er så langt lagt lite vekt på den klassiske russiske symbolikken, med arkaiske bokstavar som skal trekkja trådane attende til russiske tradisjonar og ære. Det kosta kolossalt mykje å koma dit, med uhyggjeleg høge tapstal før tendensen snudde. Det er det som Putin og familien hans har levd på og dyrka fram med større energi enn suksess. Til no har det kasta forbløffande lite av seg.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Putin kjem frå ein militær karrierefamilie, og så langt er det lite som lovar godt, om ein ser situasjonen frå russisk synsstad.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis