Utsyn frå Inderøy

Ein veikare statssjef

Presidentane Joe Biden og Vladimir Putin er i særs ulike kohortar, men møttest i Sveits som fullvaksinerte.
Presidentane Joe Biden og Vladimir Putin er i særs ulike kohortar, men møttest i Sveits som fullvaksinerte.
Publisert

President Vladimir Putin stod som ein langt veikare statssjef da han møtte den amerikanske presidenten i Geneve denne veka enn Mikhail Gorbatsjov gjorde da han hadde det første toppmøtet sitt med Ronald Reagan i den same byen for snart 36 år sidan.

Joseph Biden hadde samla troppane sine bak seg med vestlege toppmøte i Storbritannia og Brussel før han brukte onsdagen til drøftingar i den staselege villaen ved Geneve-sjøen, og han hadde markert at USA no atter er på plass som ei lojal alliert vestleg stormakt etter fire trasige år med Donald Trump.

Ein ting er at land som i 1985 høyrde «heime» i Sovjetunionen, no var medlemer av Nato (Estland, Latvia og Litauen), og same vegen hadde gamle Warszawapaktstatar som Bulgaria, Romania, Tsjekkoslovakia pluss nokre Moskva-venlege land som ein gong var delar av mangenasjonsstaten Jugoslavia, valt.

Attende i den lojale Moskva-leiren er Belarus med president Lukasjenko, eit alt anna enn solid papir. Det Kreml hadde brent seg på, var den krafta som låg i kampen og sympatien for menneskerettar, ein konstellasjon som konsekvent vart undervurdert ikkje berre i Moskva, men i forbløffande store delar av den vesteuropeiske venstresida. Når historia skal skrivast om dei vestlege marxistiske maktpolitikarane og feilvurderingane deira, ventar det mykje tungarbeid på dei som aldri interesserte seg for det velkjende Stalin-sitatet «Kor mange divisjonar har paven?»

Putin, som er utstyrt med eit heilt anna intellekt enn Brezjnev, har ikkje lært meir av dei feila som Brezjnev gjorde, enn at han fortalde Biden at spørsmålet kring den opposisjonelle motstandaren Aleksej Navalnyj er ei intern russisk sak som ingen utlendingar, og USA aller minst, skal blanda seg i.

Slik var det òg med dei russiske pasientane på sovjetiske mentalsjukehus for vel ein generasjon sidan. Det var ikkje alle av dei som overlevde, men det skulle altså visa seg at dei rådde over fleire divisjonar enn dei store mennene som sat i prydelege uniformar bak drustelege medaljebryst i Kreml.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement