Utsyn frå Inderøy
Ein mann med framtida bak seg
Nestleiar i Dansk Folkeparti Morten Messerschmidt forlét retten etter at straffesaka mot han vart innleidd i Lyngby 2. august i år.Nestleiar i Dansk Folkeparti Morten Messerschmidt forlét retten etter at straffesaka mot han vart innleidd i Lyngby 2. august i år.
Foto: Philip Davali / Ritzau Scanpix / NTBFoto: Philip Davali / Ritzau Scanpix / NTB
Ei merkeleg hending herja det danske Folketinget denne månaden: Ein medlem vart stilt for ein domstol og dømd til seks månaders fengsel på vilkår for svindel og svik.
Medlemmen har det historiske namnet Messerschmidt og har av dei andre medlemmene i den europeiske forsamlinga fått klengjenamnet Spitfire, men derifrå har det gått nedover, og dersom domen vert rettskraftig etter anke, risikerer han å mista retten både til plass i Folketinget og til å stilla som kandidat.
Problemet er at han sikra seg 98.800 danske kroner til ein svært personleg valkamp, og dei hadde han ikkje rett på. Dette er spesielt kinkig fordi Messerschmidt var eit viktig valkort for Dansk Folkeparti, som fører ein barsk kamp mot svindel og kreativ valkamp og for ærleg framferd mot altfor frisk valtaktikk, og spesielt denne taktikken har vorte i meste laget mot, eller for, partikameratane hans.
Han hadde, før fallet kom, sikra seg plassen som den mest populære stemmesankaren for partiet, og kapitaliserte dessutan stort på at sjølv menn utan vanskar kan sjå at Messerschmidt ser ut som svigermors draum.
Det problemet som mannen med flynamnet brasa inn i, var at mange, altfor mange, av partifellane hans tykte altfor godt både om utsjånaden hans og alle svigermødrene, og da det kom ei pengesak eller fem i tillegg, rann glaset fullt, og dei partifellane som han hadde rekna med stønad frå, vart brått heilt tause. Jamvel nokså moderate folkepartistar vart brått heilt stille, og dei fleste reknar no Messerschmidt som ein mann med framtida bak seg.
Det overraskande ved denne utviklinga var at ho kom så brått på for Messerschmidt, som hadde fått så høge valtal at han verka usårbar. Og dermed melde det gamle ordtaket «hovmot står for fall» seg enda ein gong, og det kan brukast i alle nordiske land.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.