JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Ein helgetur til Moskva

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den russiske ambassadøren til Washington, Anatoly Antonov.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP / NTB

3561
20210326
3561
20210326

Den russiske ambassadøren i Washington fekk ein rask helgetur til Moskva denne veka. Han vart kalla heim for konsultasjonar.

Slikt kunne nok ordnast ved hjelp av moderne teknikk i vår tid og utan dyre flybillettar, men mykje av poenget ligg i det demonstrative: President Vladimir Putin er ikkje blid på den amerikanske statssjefen for tida, og dette vert understreka ved hjelp av ein flytur over Atlanterhavet.

Så mykje sit framleis att av diplomatisk skikk og bruk. Det er alvorleg, ei slik reise veg tyngre enn ord, og russarane får sagt at dei verkeleg er sure fordi president Biden svara ja på spørsmålet om han rekna Putin for å vera ein drapsmann. Det har Biden sagt før, og bruk av nervegift som novitsjok mot folk som Kreml mislikar, meiner nok amerikanaren at ikkje er bra.

Det hender ofte at slike reiser nett har dette føremålet: å signalisera at no har ting gått litt for vidt.

Slike ambassadørreiser er ein del av det diplomatiske spelet, og det var tydeleg nok denne månaden. Vanlegare er det at reiser av denne typen er diskré; dei vert ikkje kunngjorde, og da er dei ein pynteleg del av det diplomatiske dagleglivet, eller maskineriet, om ein vil. Det er òg mogleg å flytta på ein ambassadør for å markera at han eller ho burde ha gjort jobben sin på ein litt annan måte. Ein episode eg hugsar, var i 1968. Da vart den norske ambassadøren i Moskva, Ivar Lunde, brått flytta til Wien fordi han hadde slengt med leppa og sagt at ein sovjetisk diplomat var send heim frå Oslo fordi han hadde vore litt for aktiv i arbeidet med å skaffa seg kontaktar mellom yngre norske politikarar. Han var ein omgjengeleg og hyggjeleg kar, men etter sommarferien det året sa den sovjetiske ambassaden berre at han var heime att i Moskva. Ikkje noko meir – russarane heldt seg til det uskrivne regelverket, og «Pusjkin», som temmeleg sikkert ikkje var det verkelege namnet hans, høyrde vi ikkje meir ifrå.

Det er langt mellom dei journalistiske godbitane på dette feltet. Men den som finles den store biografien om statsminister Tage Erlander (ei grei sak på vel 850 sider), får vita at den svenske regjeringssjefen var så misnøgd med ambassadøren sin i Moskva, Gunnar Jarring, at han kalla han heim for «konsultasjonar» fordi han ikkje fylgde instruksen om å undersøkja bakgrunnen for at Raoul Wallenberg forsvann i sovjetisk fangenskap ved årsskiftet 1944–1945. Det var ei sak som vart ei tung bør for tilhøvet mellom Moskva og Stockholm. Ho er enno ikkje løyst, russarane har ikkje sagt anna enn at Wallenberg (f. 1912) døydde av hjartesvikt. Jarring var kandidat til stillinga som generalsekretær i FN, og svenskane var litt for snille med han av den grunn. Det heldt dei fram med: Da statsminister Olof Palme var på offisielt besøk i Moskva i 1970, «informerte» Jarring regjeringssjefen sin om at ei tale han heldt i Kreml, vart trykt i Pravda utan sensur. Det var ikkje sant, og eg ser enno for meg andletet på Palme da vi pressefolk fortalde han om fadesen, infame gledesdreparar som vi er. Og Jarring var ikkje den som slengde med leppa: Han heldt heilt tett om at det sovjetiske utanriksdepartementet hadde sagt at det ville vera ei uvenleg handling frå svensk side dersom Stockholm i 1970 hadde kontakt med nobelprisvinnaren Aleksandr Solzjenitsyn.

Solzjenitsyn var sjeldan i beit for ord og spurde om det var slik at nobelprisen var å sjå på som tjuvegods.

Som dei seier nordpå: Å sånn går nu dagan.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg ser enno for meg andletet på Palme da vi pressefolk fortalde han om fadesen, infame gledesdreparar som vi er.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis