JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Ei minnetavle i sentrum av Moskva

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Portretta av dei fredsprisvinnande journalistane Maria Ressa frå mediehuset Rappler på Filippinane og Dmitrij Muratov frå avisa Novaja Gazeta i Russland er på plass i Nobels hage på Nobels Fredssenter.

Foto: Ali Zare / NTB

2703
20211015
2703
20211015

Dei seks glasportretta i heilfigur står som ei talande, ikkje religiøs, enkel tavle langs bakveggen i aulaen i noko så lite religiøst som den store møtesalen i redaksjonen i Novaja Gazeta, «den nye avisa», i Moskva.

Staben vart heidra med halvparten av nobelprisen denne månaden, og det var inga sjølvsagd ekstra utmerking det pressetalsmannen til president Vladimir Putin sa om sjefredaktøren, Andreij Muratov, at han er ein modig mann. Dei som har vist mest mot, er dei seks medarbeidarane som har ofra livet, og livet er ikkje annleis enn at vi pressefolk kan rekna sjefredaktør Muratov mellom dei levande yrkesbrørne våre. Men det kan vi altså.

Midt i den kaotiske pressekonferansen som redaktør Muratov gav da utdeling vart kunngjord for ei veke sidan, verka han like kontrollert som han alltid er, og han var stor nok til å dela æra for prisen med den andre prisvinnaren, Maria Ressa frå Filippinane, som på ingen måte har noko tryggare eller lettare liv enn dei russiske vinnarane. Det er ei spesiell stemning i desse redaksjonslokala, der påminninga om kor risikabel og viktig kampen for pressefridomen er, og kva tyngde denne kampen no har fått med avgjerda i Oslo no sist fredag.

Nobelkomiteen visste at dagen for kunngjeringa var spesiell: Fredag var det 15 år sidan den mest kjende av dei seks medarbeidarane vart drepen, og arbeidsbordet til den døde Politkovskaja står framleis på den gamle plassen sin i redaksjonslokala like ved Kreml.

Det er mest truleg at prisen vil verka som eit vern om pressefridomen, og grunngjevinga frå nobelkomiteen peikar i den retninga. Men trygg på det kan ingen vera. President Putin hadde ikkje eitt godt ord å seia om den kontroversielle Politkovskaja då ho vart skoten for 15 år sidan, og han har heller ikkje rost dei andre. Men det er altså kome andre tonar frå pressetalsmann Peskov – omsider.

Bakteppet er likevel dystert. Korkje drapet på Politkovskaja eller dei seks andre drapa er ferdig etterforska. Mest truleg er det at desse drapa er bestillingsbrotsverk, og at ukjende bakmenn er dei som eigentleg har skulda. At dei skulle ha nokon trong til å melda seg, er lite truleg, og difor vil desse verta verande nettopp det: del av ei mørklegging som er ein viktig del av det brutale maktspelet som er den måten Kreml har valt som ein del av styresettet sitt.

Slik vert det minnetavlene som fører ordet, i ein situasjon er det som fortel mest, det som ikkje kan seiast, fordi dei som fører ordet, er redde for eit eller anna, slik den første amerikanske journalisten som skildra Hitlers ørnereir etter nederlaget i 1945, sa.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Men det er altså kome andre tonar frå pressetalsmann Peskov – omsider.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis