JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Det gjeld å ta det kaldt og roleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eg var såpass grundig vaksinert etter naturmetoden at det måtte vera nok med éin dose, skriv Hegge.

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB

3330
20210319
3330
20210319

Å stå andlet til andlet med døden er ei alvorleg sak, same kor klisjéprega uttrykket kan verta. Og vel å merka: Det er over all måte viktig at ein i slike situasjonar er omhyggjeleg med ordvalet.

Midtveka i mars vart her i kongeriket kjenneteikna av nokre dødsfall og stor uro; det var ikkje berre hos oss at folk som hadde fått nykonstruerte vaksinetypar med ukjende og merkelege namn, døydde på grunn av den vaksinen som skulle berga livet deira. Eller for å vera ekstra omhyggjeleg med ordvalet: Dei døydde etter å ha fått vaksinen; vi visste enno ikkje heilt sikkert at sprøyta var årsak til dødsfallet, og ekspertane ville logisk og etisk nok undersøkja saka grundigare. Post, sed non necessiter propter hoc, seier dei latinkyndige: Om noko hender etter noko anna, er det ikkje opplagt at det første var årsaka til det siste.

Saka interesserte meg meir enn direkte: Eg fekk vaksine mot covid-19 første veka no i mars, eg har alderen til det, og etter timeplanen skulle eg så få dose nr. 2 siste dagen i månaden. Eg opponerte, og ikkje berre fordi eg har ord på meg for å vera dyktig og energisk til å finna motargument. Eg vart smitta med korona, eller covid-19, i mars i fjor, og meinte at eg da var såpass grundig vaksinert etter naturmetoden at det måtte vera nok med éin dose når sprøytene vart tilgjengelege. Annan fagleg grunn til dette synet hadde eg ikkje enn at fleire virologar hadde sagt det same, skrekk for spisse sprøyter har eg ikkje, men moro er det knappast, og helseutgiftene er høge nok som dei er. Ei sjukesyster som stikk meg med sprøytenåler rett som det er, fordi det er jobben hennar, meinte det same: Eg skulle ikkje ha meir enn den eine sprøyta, og ho er ikkje trygg på at ho vil ha nok vaksinar på lager, så ho ville at eg skulle anka avgjerda. Det førte fram.

Men utgangspunktet var altså ordvalet. Etter at ei sjukesyster døydde, vart det uro og sorg på arbeidsstaden hennar, eit sjukehus i Innlandet. Der var det ein av kollegaene hennar som meinte at ein måtte sjå kaldt og roleg på dette; ho hadde fått den nye vaksinen, men uhell skjer i helsestellet som andre stader, og det galdt å finna årsaka. Rett nok, men å sjå kaldt på døden kan vera etisk uforsvarleg i somme situasjonar. Og det var ikkje så mange som opponerte da helseekspertar i fleire av dei europeiske landa tok ein pause i bruken av den vaksinetypen som hadde fått mistankens lys på seg.

Eg har eit enda betre døme, henta frå mi eiga yrkesgruppe, på uheldig ordval. Ein yrkesbror gjorde for nokre år sidan eit radiointervju med ein heidersmann frå ei bygd i Nord-Noreg. Mannen var fiskar, og han var nokså ordknapp. Det kom berre stutte og mutte setningar ut av munnen hans, og intervjuaren, som var kjend som ein skikkeleg pratmakar, braut stilen og ymta frampå om intervjuet kunne ha godt av litt fest og moro. – Tja, sa mannen, det var no det at kona hans var død for eit par veker sidan, og etter nær 50 års samliv var dagane hans vortne litt stusslege.

Den dynamiske intervjuaren hadde neste spørsmål klart: – Var det noko alvorleg ho døde av?

Intervjuet var redigert og vart sendt i opptak. Men det hender at saksa kan og skal brukast utan at det er tale om sensur.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg opponerte, og ikkje berre fordi eg har ord på meg for å vera dyktig og energisk til å finna motargument.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis