JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Det amerikanske partisystemet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er meir enn 150 år sidan Abraham Lincoln berre så vidt makta å halde saman den nye staten. Her er han fotografert 23. februar 1861.

Foto: Mathew Brady / AP / NTB

2828
20211022
2828
20211022

Dei fleste meiner at det partisystemet vi har her heime, er det beste, for da greier ein seg utan betringar eller endringar. Endringar er alltid til bry, for ein må tenkja nytt, da, og det kan alltid verta strevsamt.

Amerikanarane rosar seg av at dei har eit topartisystem, enda det i røynda er svært lenge sidan dei har hatt noko slikt, dersom ein ser nøye etter.

Det er ikkje så mange år sidan dei meinte at dei hadde skaffa seg eit teselskapsystem, det skulle vera ei forbetring av noko dei sjølve konstruerte under opprøret i samband med den amerikanske revolusjonen – som etter skikkelege revolusjonære si meining slett ikkje var nokon verkeleg revolusjon: Det flaut for lite blod, og det var for mange som overlevde. Slik kan ein ikkje ha det.

I Russland, derimot, var det skikk på sakene. I alle fall flaut det meir enn nok blod. Og gudane skal vita at ein skikkeleg revolusjon, det fekk russarane, med handlekraftige og intrigerande teoretikarar som visste kva dei ville, og vel så det.

Ein annan feil som amerikanarane måtte slita med, var at systemet ikkje var det same over heile det mangslungne landet; sørstatsdemokratar viste ei åtferd som altfor lite likna på det som nordstatsdemokratar stort sett heldt på med eller tok sikte på. Dermed vart det ikkje noko av det storarta slagordet e pluribus unum – «av mange ein» (underforstått «ein stat»), og meir skulle ikkje til før einskapstanken ikkje vart noko av.

Truleg er landet rett og slett for stort til at denne einskapstanken kan verta til den røyndomen som amerikanarane tidleg hadde tenkt seg eller sett for seg. Amerikanarane kjem frå mange stader, altfor mange stader når sant skal seiast, og så vert samansettinga for komplisert og krev for mykje.

Så går det ikkje betre enn at amerikanarane spreier seg for mykje eller over eit altfor stort og vidt område, og dei treng hjelp til å halda saman på det store riket sitt. For ikkje å snakka om at dei må ha hjelp til å halda saman eit partisystem som kanskje burde ha vore enklare.

Lite tyder på at det vil eller kan verta enklare med det første. Det er meir enn 150 år sidan Abraham Lincoln berre så vidt makta å halde saman den nye staten, og det er lite truleg at han vil gjera enda ein slik freistnad. Som slagord har einskapstanken mykje for seg, men i praksis set det svært store krav. Det krev ingen stor spåmannskunst å peika på at amerikanske politikarar vil slita med dette i mange generasjonar framover: å halda saman ein konstruksjon som vil setja store krav til samhald og kompromiss.

Det er vanskeleg å sjå at dei skulle ha noko anna val enn å arbeida vidare med dette målet, eller at det skulle verta lettare med det første.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Amerikanarane rosar seg av at dei har eit topartisystem, enda det i røynda er svært lenge sidan dei har hatt noko slikt.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis