Utsyn frå Inderøy

Desse ungararane …

Den fyrste atomprøvesprenginga ved Alamagordo i New Mexico, som Manhattan-prosjektet stod bak, der Edvard Teller frå Budapest spela ei nøkkelrolle.
Den fyrste atomprøvesprenginga ved Alamagordo i New Mexico, som Manhattan-prosjektet stod bak, der Edvard Teller frå Budapest spela ei nøkkelrolle.
Publisert

I Aftenposten hadde vi ei dørvakt i redaksjonen. Han var frå Ungarn og heitte Carl Juszt, og han hadde ei fortid som ungarsk landslagssymjar og hadde vore utteken på landslaget til Hitler-OL i 1936. Det vart ingen Berlin-tur på han, som jøde rekna han ikkje med å vera heilt velkomen.

Han var ein pratsam kar, og det tok tid å koma seg forbi han når han sat i vakta. Han hadde mange problem som skulle drøftast. Ein gong ville han vita kva eg visste om Fermats teorem. Der var eg heilt blank, eg visste berre at det var noko frå matematikken. Eg tenkte at her slapp eg billeg og greitt unna, men å nei: «Du har da vel norsk artium?» sa Juszt. Her låg redningsplanken klar, og som engelskartianar kunne eg svara at vi aldri høyrde noko om Fermat eller teoremet hans på engelsklina på Steinkjer off. landsgymnas.

«Det er ikkje mogleg,» sa Juszt. «I Ungarn har alle som har sysla med språk, høyrt om Fermats teorem, jamvel om det er matematikk.» Han visste grundig og vel at han var hamna i ein europeisk avkrok, men han hadde norsk kone og var fast innslag i Arild Feldborgs bridgespalte i NRK, så han var både akklimatisert og integrert og glad for at han hadde berga livet. Draumen hans var å koma seg til Ungarn att og få noko skikkeleg mat, når berre kommunismen var avvikla. Han reiste heim att da den tida kom, men han kom til Noreg som andregongsinnvandrar, for i det ikkje-kommunistiske Ungarn var det ikkje skikk på noko, ikkje der heller. Så han rista på hovudet over barbarane som var lykkeleg uvitande om Fermat og teoremet hans, spela bridge på høgt nivå og kosta på seg eit lovord om ungarsk pølse når det passa seg slik.

I år var det enda ein gong ein ungarar som vart heidra med Abel-prisen, til minne om sørlendingen Niels Henrik Abel. Dei har gjort det skarpt i matematikk; av dei sju som spela ei hovudrolle i arbeidet med den amerikanske atombomba, hadde seks gått på det same gymnaset i Budapest, Lønnealle-gymnaset. Eg har spela sjakk med ein av dei, han heitte Edvard Teller og var frå Budapest, og heime hos han i Palo Alto såg eg dei vakraste handskorne sjakkbrikkene eg nokon gong har sett. Teller var litt rusten, han hadde brukt meir tid på å utmanøvrera sjefen sin, Oppenheimer, og på å finna opp hydrogenbomba, enn på sjakk.

Teller var så vidt fylt 20 da han vart student i København hos Niels Bohr, og seinare arbeidde dei begge på Manhattan-prosjektet Los Alamos i New Mexico, der det var andre ting enn sjakkproblem som skulle løysast. Men tverrfaglege var dei; Oppenheimer var ekspert på hinduistisk poesi, og etter den første lagnadstunge prøveeksplosjonen i ørkenen i New Mexico brukte han ein metafor frå den hinduistiske gudelæra. Teller ville aldri ha funne på noko slikt, men matematikken hadde han styr på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement