Utsyn frå Inderøy
Den norskaste amerikanaren
MUNDAL I FJÆRLAND I 1979: Visepresident Walter Mondale, i lusekofte, på vitjing frå USA.
Foto: NTB
Denne veka sa den norskaste amerikanske politikaren av dei alle takk for seg. Walter Mondale vart 93 år gamal. Det mest tydelege og varige merket i amerikansk politikk sette han etter seg i dei fire åra han var visepresident under Jimmy Carter frå 1977 til 1981.
I den ulike kampen mot Ronald Reagan i 1984 tapte han så det suste; heimestaten Minnesota var den einaste han vann. Han var ein av dei demokratane som ville ha vorte amerikansk president dersom det var vi nordmenn som hadde hatt avgjerda. Det er sjølvsagt trist og leitt at det ikkje er slik.
Dei norske draga var lette å sjå hos denne amerikanske sogningen: Traust, påliteleg og ikkje altfor humoristisk – dersom du ikkje såg og høyrde godt etter.
– Det var éin ting som kunne få far min til å truga med riset, og det var om du lét deg freista til sjølvskryt, sa han ein gong. Ein god eigenskap her på berget, men ingen berebjelke i amerikanske valkampar.
Hans eiga forklaring på at han aldri kom heilt til topps, var at han gjorde seg dårleg på fjernsyn, spesielt når motstandaren var Ronald Reagan. Men han hadde ein fin og intelligent sans for humor, og så visste både han sjølv og kona hans, Joan, at det finst eit godt liv utanfor storpolitikken.
I minneorda no i april var det grunn til å merka seg det som tidlegare visepresident Al Gore sa:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.