JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Å avsetja ein president

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tysdag 12. januar kunngjorde republikanar Liz Cheney at ho ville røysta for å avsetja Donald Trump.

Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB

3847
20210115
3847
20210115

President Donald Trump har hatt eit godt handlag med repetisjonsøvingar. Eitt av tiltalepunkta i den første riksrettssaka mot han galdt ei telefonsamtale med den ferske presidenten i Ukraina. Om den sa han at det var ei heilt perfekt samtale; mindre kunne ikkje gjera det.

No, i den nye riksrettssaka som ventar etter vedtaket i Representanthuset 13. januar, har han sagt at det var fullstendig passande at han formulerte seg som han gjorde ved middagstid 6. januar, og at det i amerikansk historie ikkje har hendt noko verre enn at han vert stilt for riksrett fordi han utanfor Det kvite huset sa at «vi bør gå opp til kongressbygningen».

Det er ikkje meir passande enn at det både er eit svært alvorleg lovbrot og dessutan ei krenking av grunnlova, og at det frå hans side er oppvigleri som førte med seg tap av menneskeliv. Det er liten grunn til å undra seg over at han vert ein illustrasjon av den sjølvrettferdige personen som har funne det absolutt perfekte valspråket: «Eg kan ikkje skjøna at folk har så vanskeleg for å vedgå feil. Hadde eg hatt eller gjort så mykje som ein einaste feil, ville eg ha vedgått det på flekken.»

Men den største, og truleg den heilt avgjerande skilnaden mellom den første og den andre riksrettssaka, vart synleg i dagane 12.–13. januar. Da reiste president Trump til Texas for å inspisera bygginga av grensemuren mellom Mexico og USA. Då vart det klårt at fleire og fleire republikanarar var på veg over til demokratane, og at stemninga var sterkare og sterkare for å røysta for å avsetja presidenten. Samanhengen her var at fleire og fleire av toppfolka i det føderale politiet tok til å snakka om at det var svært alvorlege brotsverk som var gjort frå Trump-folka si side, og at dei som enno vakla, ville skifta meining når opplysningane vart lagde fram.

Sidan Trumps presidentperiode er ute klokka 18.00 norsk tid onsdag 20. januar, er det lite truleg at Senatet har tid til å vedta at han skal avsetjast før klokka grip inn. Ei riksrettssak er ein omstendeleg prosess. Men det var to svært alvorlege klokkeslag som kom i kveldstimane tysdag 12. januar. Da kunngjorde Liz Cheney at ho ville røysta for å avsetja Trump. Ho er den tredje mektigaste republikanaren i Representanthuset, og dotter av tidlegare visepresident Richard Cheney. Ho er minst like konservativ som Trump, men ho har eit mykje mindre kreativt tilhøve til sanningsomgrepet, og det er avgjerande her.

Som om ikkje det var nok, har den Trump-lojale republikanske fraksjonsleiaren i Senatet, Mitch McConnell, signalisert at han har fått nok og at han ikkje lenger vil stå last og brast med presidenten. Om éin ting var sikkert ved den førre røystinga, var det at McConnell ville verta ståande på presidentens side. Det gjorde han òg, men det gjer han ikkje no. Og dersom Trump får fleirtalet mot seg, er han ferdig i amerikansk politikk og kan ikkje stilla opp til val meir. Det løyser eit svært stort problem for «Moskva-Mitch», eit lite ærerikt tilnamn som han er i ferd med å kvitta seg med. Og han gjer slikt på grundig vis; han har sagt at han heretter ikkje vil veksla eitt einaste ord med Trump.

Trass i dette er det eit stykke til to tredjedels fleirtal mot presidenten, og det er lite truleg at det 25. grunnlovstillegget kan brukast til å avsetja Trump; det er tenkjande at det bør reserverast til bruk ved alvorleg sjukdom. Men ved sida av at McConnell stansa den direkte og vedvarande straumen sin av løgner til støtte for Trump, vart det for mykje for den prinsippfaste republikanaren når Trump prøvde å overtala ein valgeneral i Georgia til å «finna» nesten 12.000 røyster så republikanarane kunne vinna to plassar i Senatet.

Trump har aldri hatt magemål. Og denne gongen vart det for mykje.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Hadde eg hatt eller gjort så mykje som ein einaste feil, ville eg ha vedgått det på flekken.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis