Tryggast i eksil, men …

Journalist Julia Latynia reiste i eksil no i september, etter fleire attentatforsøk.
Journalist Julia Latynia reiste i eksil no i september, etter fleire attentatforsøk.
Publisert

Det gjekk fem veker frå giftattentatet mot den 51 år gamle russiske journalisten Julia Latynina (Dag og Tid 4. august) til ho tok med seg foreldra sine, som er 77 og 79 år gamle, og reiste til utlandet no i september.

– Vi reknar ikkje med å venda heim att med det første, sa ho til radiokanalen Moskvas Ekko før ho drog.

For natta til 3. september var det eit attentat til mot henne: Bilen hennar brann opp. Politiet har etterforska saka og seier at ingen hadde tent på. Latynina trur ikkje det. Det var spor etter brannstifting på tre stader på den gamle bilen.

Ho har heller ikkje sagt kvar dei tre har reist. Det er grunn til å gissa på USA; Latynina fekk ein amerikansk fridomspris for djerv journalistikk så tidleg som i 2008.

Om ho har gjort noko gale, og det har ho for dei som ser verda med same augo som dei usynlege vaktene rundt Vladimir Putin, var nok det verste ein artikkel i avisa Novaja Gazeta 14. juli. Der fortalde ho utførleg om bakgrunnen for møtet mellom Donald Trump junior og ein russisk advokat, pluss to russiske mellommenn som har vore rådgjevarar for russiske investorar i New York – eit møte som den offisielle amerikanske granskaren av banda mellom Trump og Putin, Robert Mueller, interesserer seg sterkt for.

Berre oppspinn og bagatellar, seier Trump senior – som sjølv redigerte referatet frå dette møtet og avviste alle råd frå medarbeidarane sine om å vera litt meir varsam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement