Trump i motbakke
President Donald Trump synfer den nye muren mot Mexico ved San Luis i Arizona 23. juni 2020.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB scanpix
Når noko går Donald John Trump imot, er det aldri hans skuld. Slik har han det greitt nok. Men motbakkane har vorte både fleire og brattare dei seinaste vekene, og i helga bomma han til og med på noko så enkelt som slipstesten: Han kom ut av presidentflyet etter ein mindre vellukka tur til Tulsa i Oklahoma, og det breie presidentslipset hang på halv tolv i staden for å vera ulasteleg knytt og strigla som det sømer seg for ein kombinert statssjef og eigedomsutviklar.
Etter ein nokså lang epidemipause har han teke opp att valkampen utan å bry seg med småplukk som koronavirus og forbløffande glisne benkerader når han skal hyllast av folkemassane. Men for tida går meir og meir på skeive for mannen som helst skal sikra seg fire nye år som president. Det er ikkje lett å peika ut kva som er verst, men det dumdristigaste er kanskje at han ikkje nøyer seg med å peika nase av lagnaden; i tillegg må han tola at folk som helst skulle stø han lojalt, ikkje er redde for han lenger. Motstandarane i pressa er det ikkje så farleg med, der er det lite å henta, og dessutan er dei (dvs. vi) løgnarar heile bunten. Men når høge offiserar, frå forsvarssjefen og forsvarsministeren, som han er sjef for, nektar å stå i giv akt og seier seg leie for at dei vart med på tåpelege paradeturar i nærleiken av Det kvite huset, er det eit faresignal.
Denne veka fylgde Trump opp Oklahoma-reisa med ein ny valturné, no til Arizona. Det påfunnet kom etter ein svært brå og alvorleg auke i smittetala i dei traktene av USA. Trump ser heilt bort frå vernetiltak som andletsmaske – ein risikerer å få stempel som pyse og feiging om ein brukar slikt. Og da staben hans ikkje makta å hindra at det vart kjent at fleire av tryggingsvaktene hadde vorte smitta av koronavirus, reagerte han slik han plar gjera: Han vart sinna. Det ville vera noko heilt nytt i virologien dersom det skulle hjelpa mot viruset.
Som om ikkje alt dette var nok, viser meiningsmålingane ingen framgang no, vel fire månader før presidentvalet. Dette har dessutan vore den veka da den tidlegare tryggingsrådgjevaren John Bolton gav ut boka si. Bolton er ingen stor skribent, men han leverer tjukke bøker. For nokre år sidan var han næraste granne til ein gjestfri norsk diplomat i Washington, og vi møtte han i eit middagsselskap der ein gong i det førre hundreåret. Barten hans, og sjølvtilliten, var like stor den gongen òg. Den kvelden oppførte Bolton seg pent, noko som ikkje alltid er sjølvsagt. Han har derimot ikkje oppført seg pent mot sjefen sin, og reknar vel med å selja mange bøker om kor dårleg skikka Trump er som president. Rimeleg nok er dette eit syn som Trump – som vurderer seg sjølv som eit svært stabilt geni – ikkje deler, så Bolton har fått passet sitt påskrive. Men den tidlegare tryggingsrådgjevaren har opp gjennom åra gjort mykje for å skaffa seg fiendar i Washington, så han toler ein støyt og er truleg vel nøgd så lenge det ferske prosaverket fôrar bankkontoen hans. Han fekk 20 millionar kroner i forskot, anten boka klatrar til topps på salsstatistikken eller ikkje, så han har nok til hushaldsbudsjettet ei stund framover. Men særleg triveleg vert det ikkje i traktene rundt han av slikt, og Bolton kjenner så pass til amerikansk politisk historie at han kan sitera ein president som han ikkje likar fordi han var demokrat: Harry Truman, som sat i Det kvite huset frå 1945 til 1953, brukte gjerne å seia: «Om du vil ha deg ein ven i Washington, skaff deg ein hund.»
Og det gjorde han. Trump er utan kjæledyr.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Om du vil ha deg ein ven i Washington, skaff deg ein hund.»
Harry Truman, president
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.