Trøndersk prosodi

Tida går.
Tida går.
Publisert

Dei som ikkje veit kva det siste ordet i tittelen tyder, vert klokare om dei les dette til ende. Det er betre enn å måtta slå seg til ro med ei omsetjing: Trykkrytme i talespråk, spesielt når trykkrytmen er meiningsskiljande.

Fenomenet finst òg i meir lågkulturelle variantar av norsk, som normert bokmål og normert nynorsk, men meir sjeldan. «Ho drog til HAN», med trykk på ‘han’, tyder at ho forflytta seg til ein mannsperson, og la oss vona at dei begge fekk glede av det. «Ho DROG til han», med svært lett trykk på ‘han’, tyder noko heilt anna, anten klasken var velfortent eller ikkje.

Vi skal ta ein omveg før vi kjem til poenget, men gi tol, vi kjem dit.

I mange år vart eg utsett for godsleg, med vedvarande småmobbing frå ein filolog som meinte at eg hadde svikta og svike barndomsspråket mitt ved å tala nokolunde normert bokmål etter at eg busette meg i hovudstaden. Kvar gong svara eg, så tolmodig eg makta, at eg først trudde eg kunne snakka inntrøndersk i Oslo, for eit så greitt språk måtte da sjølv dei innfødde forstå. Det viste seg at dei ikkje gjorde det, og den første tida mi i byen var eg under utdanning til tolk. Det er lite poeng i tolking dersom ingen skjønar kva tolken seier, og difor gjekk eg over til fleirtalsmålet.

Kvar gong svara han at det var berre noko eg trudde; «dei skjønar trøndersk her i byen», sa han.

Kvar gong svara eg at dei ikkje gjorde det, at eg snakkar dialekten min når dei eg snakkar med eller til, er frå Trøndelag. Eg la til – kvar gong – at eg synest danskane burde forstå norsk, men det gjer dei stort sett ikkje, og difor snakkar eg dansk når eg er i Danmark. Det gjer eg utan å ha noka kjensle av at det er eit svik mot fedrelandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement