To som døydde i desember
Jurij Lusjkov (1936–2019).
Foto: Wikimedia Commons
To menn kunne knapt vera meir ulike enn den amerikanske journalisten og forfattaren Robert K. Massie og den russiske politikaren Jurij Lusjkov, som begge døydde den første veka i desember. Men dei to kom, kvar frå sin plass, til å spela ei viktig rolle i den brokete overgangsperioden i russisk historie da det kommunistiske systemet skulle avviklast.
Massie ville ha fylt 91 år om han hadde fått med seg den første veka i det året som no står for tur. Lusjkov var 83 da han sa farvel til denne verda på eit sjukehus i München, nær ti år etter at statsminister Dmitrij Medvedev bryskt sparka han frå ordførarposten i Moskva. Grunnen var korrupsjon, og historikarane får eit vanskeleg prosjekt i fanget dersom dei skal finna ut om Lusjkov var meir korrupt enn kona si, Jelena Baturina. Ho var eigedomsutviklar og vart snøgt rekna som den rikaste kvinna i Russland, så rik at mannen hennar gjekk under det spydige klengenamnet «herr Baturin». Det skal mykje til før eit skikkeleg russisk mannfolk ser slik namnebruk som noko anna enn det det er meint som: ei grov krenking.
Lusjkov sette spor etter seg. Han administrerte bygginga av eit enormt butikksenter under Manesjeplassen i Moskva, og i samarbeid med president Boris Jeltsin stod han bak ei svært kreativ «innsamling» for å skaffa pengar til atterreising av Frelsar-katedralen i Moskva i 1990-åra. Da var Russland i pengekrise. Men Jeltsin og Lusjkov nemnde noko om straffelova og skatteetaten for dei nyrike, oligarkane. Styresmaktene, for ikkje å snakka om den aller høgaste domar, ville kanskje sjå i nåde til dei om dei gav litt pengar til kyrkjeprosjektet.
Frelsarkatedralen vart sprengd i desember 1931 under den antireligiøse kampanjen mot kyrkje og gudstru. Han var reist som takkseiingskyrkje etter sigeren over Napoleon i 1812. Etter øydelegginga vart tomta nytta til eit kolossalt symjebasseng som kunne brukast året rundt, jamvel i sprengkulde. Teikningane hadde overvintra i mange tiårs isnande ateisme, og oligarkane gav og gav – av eit godt hjarte og kanskje litt ekstra av eit dårleg samvit. Det var ikkje meir enn rimeleg at Boris Jeltsin låg på paradeseng i katedralen etter at han døydde i 2007, eller at partnaren og eksilrussaren Lusjkov gjorde det same før gravferda si i russisk jord denne månaden. Diktaren Leo Tolstoj har sagt noko om det uutgrundelege ved Herrens vegar. Han har vore død i 110 år snart, men sjølv russiske ateistar er ikkje framande for den tanken at han kan ha visst noko om det han skreiv om.
Robert K. Massie var meir verdsleg av seg, som pressefolk flest. Men han og kona Suzanne hadde si eiga lidingssoge: ein son som leid av blødarsjuke – hemofili. Om det dei opplevde, skreiv dei boka Journey, tenkt som hjelp til mindre ressurssterke foreldre. Da hadde dei interessert seg for den siste russiske tsaren, Nikolaj 2., og den blødarsjuke tronarvingen Aleksej. Det førte til boka Nicholas and Alexandra, som ikkje berre vart filma for 30 år sidan, men som dessutan vart seld i 4,5 millionar eksemplar. Massie heldt fram med å skriva biografiar. Mest kjende er dei to bøkene hans om Peter den store og Katarina den store. Dei har ingen status i den akademiske verda, men Massie kan fortelja ei god historie, og svært mange millionar lesarar har sett pris på det.
Suzanne Massie skreiv ei bok om russisk kulturliv i sølvalderen, perioden 1900–1920. Ein av personane ho legg vekt på, er komponisten Igor Stravinskij. Boka, I eldfuglens land, vart nedsabla av ekspertane. Men ein av lesarane heitte Ronald Reagan, og han likte boka så godt at Suzanne Massie vart fast gjest i Det kvite huset. Meir enn det: Ho vart residerande sovjetekspert og forklarte presidenten at sovjetleiarane sakte kunne ha eit problem eller to med sanningsomgrepet. Men når dei sa at dei var redde for krig, botna det i alt som Sovjetunionen hadde gjennomgått i åra 1941–1945, så akkurat det stod til truande.
Seinare samla ho inn pengar frå rike amerikanarar til atterreising av palassa i St. Petersburg. På namneplatene der står det mange interessante namn frå «sumpen i Washington».
Eg kjøpte Massie-parets bok om Nikolaj og Aleksandra i russisk utgåve i bokhandelen i Livadia-palasset i Jalta for nokre år sidan. Under Jalta-konferansen i februar 1945 budde president Roosevelt i dette slottet, ei gåve til tsarfamilien i 1913, ved 300-årsjubileet for Romanov-dynastiet. Dei viktigaste møta under konferansen vart haldne der. Møtebordet står framleis.
Og så kan den som vil, gje ordet til Tolstoj enda ein gong.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei to kom, kvar frå sin plass, til å spela ei viktig rolle i den brokute overgangsperioden i russisk historie.
Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.