To feil på 73 år

President Donald Trump på golfhotellet sitt i Palm Beach i Florida. Her med Palm Beach Central High School Band.
President Donald Trump på golfhotellet sitt i Palm Beach i Florida. Her med Palm Beach Central High School Band.President Donald Trump på golfhotellet sitt i Palm Beach i Florida. Her med Palm Beach Central High School Band.
Publisert

Ein leveregel som står med gullskrift over Donald Trumps livsverk så langt, lyder: «Eg skjønar ikkje at det er så vanskeleg for folk å vedgå feil. Hadde eg hatt eller gjort så mykje som éin einaste feil, ville eg straks ha vedkjent det.»

No har han, snart midtveges i sitt 74. leveår, vedgått to feil, kanskje berre halvannan, dersom ein er nøyereknande. Den første er at han ikkje skjøna at eldste bror hans, Fred jr., var i livsfare på grunn av høgt alkoholinntak. Broren døydde. Dei andre i Trump-familien skjøna det heller ikkje. Dette er snart 50 år sidan. Vi meir vanlege menneske noterer oss vel for minst to, kanskje tre tabbar før vi har passert halvsekelet.

Den andre er ferskvare. Tidlegare i denne månaden gjekk Trump attende på ei avgjerd om å «låna ut» eit golfhotell i Florida til leiarane i dei 20 rikaste landa i verda under G 20-konferansen sommaren 2020. Tilbodet trekte han fordi demokratane sa at det er i strid med første paragrafen i den amerikanske grunnlova. Der er det forbod mot at presidenten har inntekter utanom den lovfesta presidentgasjen. Rett nok hadde president Trump skjøna dette, men i hans verd er det likevel demokratane som har skulda. For det første fordi dei republikanske partifellane, som stort sett vernar Trump mot all kritikk, ikkje hadde ryggrad til å kopiera sjefen og seia at «dette bryr vi oss ikkje med». For det andre har den kompliserte lovteksten eit ord for inntekt (emolument) som ingen amerikanar kjenner dersom han eller ho ikkje er folkerettsekspert. Dessutan har rikmannen i Det kvite huset gitt avkall på presidentgasjen. Fordi han ikkje har lov til å arbeida gratis, ikkje berre kan han, men må han stikka ein heil dollar i lomma kvar nyårsaftan og bokføra $1 som årsløn i sjølvmeldinga si.

Sidan Trump har gått tilbake på alle lovnader om at han skulle offentleggjera sjølvmeldinga, lever amerikanarane i uvisse om kor store summar mangemilliardæren har tent på skattereduksjonane som han fekk det republikanske fleirtalet i Kongressen til vedta det første året han var president, altså i 2017. Kva han meiner om den første grunnlovsparagrafen, som ikkje må forvekslast med det første grunnlovstillegget om ytringsfridomsgarantien, ser vi av utsegna hans denne veka om «det tåpelege (phony) forbodet mot ekstrainntekter». Det skal noko til før ein statssjef er modig, eller dum, nok til å stempla ein grunnlovstekst som har stått i snart 240 år, som tåpeleg eller falsk.

Paragrafen har aldri vore brukt, og om dette var ein feil, veit vi ikkje enno. Men det er mogleg at utsegna vert med i den riksrettsprosessen som no er i emning. Slik vil det truleg gå; det er demokratane, med fleirtal i Representanthuset, som avgjer det. Denne prosessen har Trump kalla ei «grunnlovsstridig heksejakt». Prosessen går sin gang i samsvar med grunnlova, så dette er ein grovt feilaktig påstand. Men det har presidenten ikkje vedgått, så vi stansar ved talet to, eller litt i underkant.

Det at feil aldri skal innrømmast, lærte Trump av den første juridiske rådgjevaren sin, Roy Cohn (1927–1986). Han var ein samvitslaus skurk som byrja som rådgjevar for kommunistjegeren, senator Joseph McCarthy (1908–1957). Det seier det meste om den hjelpa Trump fekk av Cohn, at han, når det røyner på i Det kvite huset no, plar spørja: «Kvar er min Roy Cohn?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement