Tale til kjære og (nokre) sære landsmenn

Kong Harald held nyttårstalen 2017 på Slottet i Oslo
Kong Harald held nyttårstalen 2017 på Slottet i Oslo
Publisert

Kong Harald heldt nyårstale for fem dagar sidan, og tru mot vanen og vanetenkinga passa avisene og NRK på å intervjua ein retorikar eller tre. Dei hadde oppdaga at han byrja med Åse-Marie Nesse, men det gjekk hus forbi at skarpare lut har ingen konge brukt i ein nyårstale. Det er godt gjort.

I haust skreiv eg føreordet til ei samling av dei viktigaste talane til kong Haakon 7., kong Olav 5. og kong Harald 5. – mellom dei alle nyårstalane sidan 1906, Kjære landsmenn!. Det var eit oppdrag eg tok på meg i gråbleik forventning om ein stor dose einsformig og klisjétung prosa, med veike voner om eitt og anna avtrykk av verds- og noregshistorie kvart tiande år eller så.

Det slo berre så måteleg til. Men poenget denne gongen var at kong Harald viste korleis ein monark som ikkje skal blanda seg i aktuelle saker, kan få sagt det så det susar utan å seia det.

Om retorikarane putta bomull i øyro og søkte ly under ein mellomtittel hos Olav Duun, «I blinda», har nok pampane i Norges idrettsforbund lese talen og skjøna meldinga. Ein monark kan ikkje bruka slike ord som Ingrid Kristiansen valde i Dag og Tid for ei veke sidan: «Dette er vener som har ein felles strategi for å mjølka kassa. Få ut heile gjengen. Røsk vondskapen opp med rota.»

Men kongen kan seia dette når han snakkar om viljen og den gode krafta, og det susar ikkje mindre på nynorsk: «I kvart vesle samfunn i Noreg er det folk som steiker vaflar og kokar kaffi, fotballtrenarar, besøksvener, viljuge hender og store hjarto som vi ikkje hadde greidd oss utan. Ei eldre dame frå Vegårshei som eg møtte, sa det slik: ‘Friviljug arbeid gir ei god kjensle – da er ikkje taksameteret på.’»

Kongen sa meir: «Kjernen i det friviljuge er nett at vi gjer noko fordi vi synest det er rett og viktig, ikkje for personleg økonomisk vinning. Med dugnadsande har vi gjennom generasjonar skapt det fundamentet vi saman står på i dag. Og styrken ligg nett i at vi har skapt det saman – med våre eigne hender, at vi har gitt av vår tid, delt av vår kunnskap og vårt engasjement.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement