Sunne kroppar og sunne sjeler

Skøyteløper Roald Aas i aksjon på Bislett stadion.
Skøyteløper Roald Aas i aksjon på Bislett stadion.
Publisert

På Bislett stadion i Oslo har eg vore to gonger, og truleg var det to gonger for mykje. Det er over 50 år sidan, og begge gongene var det noko som gjekk gale. Etter vinter-OL i Squaw Valley i California i 1960 skulle dei norske bragdene på isen feirast, og Roald Aas, som tok gull på 1500 meter, var den det skulle jublast mest for. Han hadde ikkje dagen, og da han sprakk på det som Niff kalla den vanskelege tredjerunden, var det berre buing å høyra, heile banen rundt. Det var avskyeleg.

Nokre månader seinare var det friidrettsstemne, og eg gjekk saman med ein kamerat. Igjen var det 1500 meter, og berre nokre sekund etter at dei var komne i mål, stod fleire av dei som sprang, tvikrokete i heilspenn og spydde så spruten stod. Sidan har ingen makta å overtyda meg om at toppidrett skulle vera sunt eller vakkert.

Bruken av dop er ei sak for seg, og eg skal ikkje seia noko om Therese Johaug – bortsett frå at det ville vera rimeleg om journalistikken om henne hamna på økonomisidene. Bevare min munn; eg unner dei pengane. Desse mennene og kvinnene ofrar meir tid og energi og viser meir systematikk enn eg nokon gong har vore i nærleiken av. Eg synest heller ikkje at ho har vorte rettvist behandla for salvebruken sin.

Men ho har altså skrive under på at ho skal halda seg til det som den medisinsk sakkunnige seier. Da han gjekk god for salva som han kjøpte, gjorde han ein feil. Det gjer vi alle, og han tok konsekvensen og sa opp stillinga si. Men om Therese Johaug hadde sagt at «du seier at denne salva er grei, men eg trur deg ikkje», hadde ho brote kontrakten, og fuglane må vita kva Norges Skiforbund da hadde gjort.

Eg er så heldig at eg veit meir om dette enn eg skulle ynskja eg gjorde. For nokre år sidan fann eg ut at dei medisinsk lærde visste altfor lite om ein sjukdom som ein familiemedlem vart råka av. Eg nekta å godta det medisinmennene sa, las meg etter fattig evne opp på nokså komplisert fagstoff, og kravde at dei behandla oss slik eg sa dei skulle. Det var «kontraktbrot», for medisinske ekspertar skal ein høyra på. Vi har heldigvis alltid – stort sett alltid – fått gode faglege råd, og det har berga både liv og helse. Men denne eine gongen var det motsett, og det var ikkje berre rett, men naudsynt å setja seg på bakbeina og vera akkurat så sta som vanskelege folk frå Trøndelag har ord for å vera. Hadde eg vore ung lækjar, hadde karrieren vore over før han hadde byrja. No kunne eg halda fram som det eg var og er: ein vanskeleg pressemann.

Dette hende for over 30 år sidan, og det fekk den konsekvensen at familiemedlemmen som vart sjuk, framleis er i live. Slik hadde det ikkje gått om vi hadde gjort som dei ville.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement