Solzjenitsyn-året
I 1974 var Aleksandr Solzjenitsyn (t.h.) på noregsbesøk, mellom anna hos kunstmålaren Jacob Weidemann på Lillehammer. Her står han saman med Victor Sparre, formannen i foreininga for frie åndsverk. Foto: NTB scanpix
Ikkje så mange fekk det med seg i Russland heller, men for eit år sidan proklamerte president Vladimir Putin at 2018 skulle vera «Solzjenitsyn-året». Det gjekk heller stillsamt føre seg, heilt til denne veka. Tysdag var det hundre år sidan diktaren vart fødd. Markert vart jubileet på fleire måtar: Bolsjoj-teateret hadde urpremiere på ein opera som er laga over debutverket hans, Ein dag i Ivan Denisovitsjs liv. Eit kort utdrag i ein reportasje i BBC gav tydelege minningar om at Dmitrij Sjostakovitsj framleis verkar som inspirator, 43 år etter at han døydde.
På sjølve dagen var eldste sonen, Ignat Aleksandrovitsj Solzjenitsyn, solist ved ei framføring i Moskva av Beethovens konsert nr. 2 for klaver og orkester, det musikkverket som faren sette høgast.
Til BBC sa sonen, som snakkar engelsk slik elevar frå kostskolen Eton like ved London gjer, at Russland er ein heilt annan stat enn det var i 1974, då faren vart fråteken statsborgarskapet og utvist. Men han la til at fødelandet hans framleis har langt att før det er eit moderne, normalt land.
I 1994, tre år etter at Sovjetunionen gjekk i knas, vende nobelprisvinnaren og familien heim, og han fekk dei siste 14 åra der før han døydde i Moskva i august 2008, 89 år gamal. Til jordfestinga i Donskoj-klosteret kom det nokre hundre menneske.
Ironisk nok oppretta byrådet i Moskva for nokre år sidan eit GULag-museum berre tre kvartal bak Bolsjoj-teateret. Ein av omvisarane der, seinast eg var der, hadde bestefedrane sine som veteranar frå GULag, Stalins system av straffeleirar: Morfar var fange og farfar var vakt.
Like tvisynt er oppfatninga av diktaren og verket hans. I ein jubileumsartikkel i avisa Novaja Gazeta heiter det at da Solzjenitsyns bøker kunne gjevast ut i heimlandet, var tidene så kaotiske at folk ikkje hadde tid til å lesa dei, og dei hadde ei heller bleik interesse for dei pessimistiske politiske oppfatningane hans. (Boka Russland rasar saman vart seld i 2000 eksemplar.) Da han i 2006 stilte seg på ein meir og meir nasjonalistisk Vladimir Putins side, var det lett å gløyma at han omtrent eine mann hadde knust det ideologiske fundamentet som skulle vera underlaget for Sovjetunionen.
Lett å gløyma er det også at da han fekk Nobelprisen i litteratur i 1970, vart den svenske ambassadøren i Moskva varsla om at det ville vera ei uvenleg handling dersom han hadde noko som helst med Solzjenitsyn å gjera. I Stockholm fekk utanriksminister Torsten Nilsson vita det same av den sovjetiske ambassadøren i byen. Svenskane heldt dette hemmeleg; kjent vart det ikkje før ein russisk litteraturforskar, Benedikt Sarnov, gav ut ei dokumentsamling i 2012.
Det vart enda ein russisk merkedag denne veka. Laurdag 8. desember døydde menneskerettsforkjemparen Ludmila Mikhailovna Aleksejeva i Moskva, 91 år gamal. For dei sovjetiske styresmaktene var den spinkle kvinna så vanskeleg at ho vart eksportert til USA for vel 30 år sidan. Ei tid før Sovjetunionen gjekk i oppløysing, reiste ho heim att til Russland og slost hardt for at Putin skulle visa større respekt for menneskerettane. Det siste ho gjorde før ho døydde, var å skriva ei fråsegn om 70-årsdagen for FNs menneskerettserklæring i 1948, grunndokumentet for kampen som ho og dei som delte menneskerettssynet hennar, førte med stor kraft og sterkt mot.
Det var 10. desember. For oss her i Norden kan det vera verdt å hugsa at nobelprisen vert delt ut på same dato som fødselsdagen for menneskerettsfråsegna. Vi ser slike samanfall som heilt tilfeldige. For russarane er det «en styrelse».
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den svenske ambassadøren i Moskva vart varsla om at det ville vera ei uvenleg handling dersom han hadde noko som helst med Solzjenitsyn å gjera.
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.