Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Solklovnen og gullklovnen Oleg Popov

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blablabla

Blablabla

Blablabla

Blablabla

3939
20161104
3939
20161104

Måndag kveld var det minnehøgtid i Rostov i Sør-Russland over ein mann som ikkje hadde andre band til byen enn at 86-åringen var der på turné da hjarta stansa.

Få russarar vart dyrka som Oleg Popov, og han kjem til å vera det lenge etter at han denne månaden vert gravlagd i Tyskland.

«Ei legende vender heim», stod det på plakatane i Rostov, der sirkusklovnen Popov rakk å gje to framsyningar før tida hans kom. Ærestittelen hans, «Folkekunstnar av Sovjetunionen», stod òg, enda det snart er 25 år sidan landet gjekk i oppløysing, og snart 27 år sidan han sa nei til å venda heim frå ein turné.

Men han søkte aldri tysk statsborgarskap. «Eg er eit russisk menneske», sa han da han i fjor omsider sa ja til å vitja heimlandet etter innbyding frå presidenten.

Sirkus er kunst i Russland, anten det er tsarar, kommunistar eller turbokapitalistar som styrer. Og Popov var kunstnar nok til at ein støyter på omgrep som «sirkusets Michelangelo» og «Russlands Chaplin».

Han hadde eit toppmøte med Chaplin i 1960. Popov var på turné i Italia og fekk nyss om at Chaplin var i nærleiken. Han sende telegram. Syttiåringen Chaplin visste godt kven den tretti år gamle sirkusklovnen var.

– Vi hadde ein god samtale, sa Popov. Han kunne ikkje russisk. Eg kunne berre russisk. Vi tala saman ein time. Vi forstod kvarandre.

Det står til truande. Om det har vore to menn som talar kroppsspråk flytande, er det dei to. Lynande intelligente var dei òg. Popov vart eingong spurd kor mykje han tente. Det hadde han ikkje lov til å seia, og han kunne slett ikkje nemna at han fekk 25 kroner dagen i matpeng?ar når det sovjetiske statssirkuset turnerte i utlandet. Staten tok resten.

– Eg tener mindre enn statsministeren, sa han. Men så har eg færre problem, da.

Problem hadde han. Far hans var urmakar på ein fabrikk og vart borte i redselsåret 1938. Det var noko med ei Stalin-klokke som ikkje gjekk som ho skulle. Mor hans gifte seg straks på nytt og sa til åtteåringen at pappa ikkje måtte nemnast meir.

Som ung tenåring vart Popov typograflærling i Pravda. Like ved låg sirkusskolen, og utan å seia noko til mor si kom han seg inn der. Han kunne sjonglera, og han kunne gå på line. Men viktigast var det, i 1944, at han fekk 50 gram større brødrasjon som sirkusstudent.

Ti år seinare var han sirkus?artist, og ferda mot toppen skaut fart da den store artisten braut eit ribbein og unge Popov vart skubba inn i manesjen og rett opp på lina. Han sa seinare at han var så nervøs at han ikkje ansa om det var folk i salen.

I 1990 var han på turné i Tyskland. Han tenkte på å pensjonera seg. Men staten var i oppløysing, alt var kaos, og sirkusdirektøren tømde kassa og stakk av med pengane. Det russiske statssirkuset heldt på å rakna. Så døydde kona hans. Han fekk dødsbodskapen i pausen og gjekk gråtande i manesjen att for å gjøgla. Til gravferda kunne han ikkje reisa. Det stod mange tyske byar på plakaten. Han vart verande i Tyskland.

I Nederland vart han var ei kvinne som stod heilt bak i teltet ein kveld. Ho hadde berre ståplass. Han laga eit klovnenummer av det, skaffa henne ein stol og sette henne på første rad. Da ho bad han signera programmet, «gjorde eg noko eg aldri har gjort før eller sidan: Skriv telefonnummeret ditt, sa eg.»

Han ringde; ho sa seinare at ho såg på augo hans at han kom til å gjera det. Ho var tretti år yngre, men dei gifte seg, og Gabrielle Lehmann, som hadde køyrt bil frå Tyskland, skifte yrke frå farmasøyt til sjonglør. Dei fekk over tjue år saman.

Mellom dei som dyrka han, var den nederlandske dronninga Beatrix. Ho passa alltid på å få sett han når han var i landet.

I 2006 vart han kåra til gullklovn i Monte Carlo. I Russland heitte han alltid solklovnen på grunn av det gulfarga håret.

På sett og vis er Oleg Popov ikkje død. Solklovnen gjøglar på YouTube og har noko nær evig liv så lenge internettet ikkje går same vegen som Sovjetunionen.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Her er eit sitat

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis