JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Snakk for all del ikkje sant!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiaren for justiskomiteen i Senatet, Lindsey Graham, held ikkje ord.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

3527
20200925
3527
20200925

Som dei fleste av oss veit, tek Donald Trump det ikkje så nøye med sanninga, og om folk skulle oppdaga det, tek han lett på det òg. Men sjølv for garva og røynde amerikanarar var det eit drygt stykke da leiaren for justiskomiteen i Senatet, Lindsey Graham, denne veka sa at han ville ha ei avrøysting i Senatet så raskt som råd er, for å fylla den nye ledige plassen i høgsteretten i USA. Slikt har hendt før. Men det som også har hendt før, er at senator Graham både i 2016 og 2018 lova, tydeleg og høgtideleg, at ei så viktig røysting aldri skal koma i siste perioden like før eit presidentval.

Dette hadde republikanarane makt til å gjera mot demokratane i 2016, og det gjorde dei. Ville dei gjera det same i 2020? De har mitt ord på det, sa Graham – to gonger. Dette ordet har han no gått tilbake på. Kvar han har lært slikt, står i det norske visdomsordet «som meisteren, så sveinen».

I dei 44 månadene Trump til no har hatt som president, har vi alle fått oppleva lygner av større kaliber, så det er tenkjeleg at både Graham og Trump overlever denne oppvisninga òg. Men spennande vert det. For så langt har to republikanske senatorar, kvinner begge to, signalisert at Graham burde ha halde ord. Dersom dei to røystar mot den konservative juristen som Trump no har nominert, vil ho framleis ha gode sjansar til fleirtal. Men det er tre republikanarar til som vaklar, og fell dei ned på demokratisk side, har demokratane fleirtal, og då kan dei utsetja valet av den nye domaren til etter presidentvalet. I så fall har demokratane ein sjanse, dersom dei vinn både presidentvalet og fleirtalet i Senatet.

Om dette lyder komplisert, er det fordi det er nettopp det. Og om det som Knut Frydenlund i spøk kalla «Tante Sofie-doktrinen» – om berre alle var som oss, ville alt vera bra – galdt i USA som her i kongeriket, hadde det vore enkelt og greitt. I Noreg er det regjeringa, kjend som Kongen i statsråd, som peikar ut høgsterettsdomarane, og dessutan har dei hos oss mykje mindre makt enn i USA. Men korkje dei norske vallovene eller dei norske fullmaktene for høgsterettsdomarar gjeld i USA.

Denne striden er ekstra komplisert, og for den del litterært pikant, fordi det nett var den liberale høgsterettsdomaren Ruth Bader Ginsburg som gjekk ut or tida fredag. Ho sette spor etter seg i dei 27 åra ho fekk i domstolen, der medlemene sit på livstid om dei har vilje og helse til det. Til gagns kunne ho dessutan skriva – noko som høgsterettsdomarar stort sett har lært, men i tillegg hadde ho, på Cornell University, ein engelsklærar utan mange sidestykke. Han var russisk diktar, heitte Vladimir Nabokov og er mest kjend for romanen Lolita. Både far og bestefar hans var sylskarpe russiske juristar og politikarar, utan at det var nok til å berga landet deira for hundre år sidan. Men av Nabokov den yngre lærte Bader Ginsburg kor viktig det var å formulera tankane sine klårt. Og det gjorde ho. (Ho lærte mindre av Nabokov den aller yngste: Han vart racerbilførar og song dessutan bass på La Scala i Milano.)

Det kan altså vera underlege vegar som fører folk til ein av dei ni plassane i Høgsteretten i USA. Det kunne knapt ha vorte meir komplisert i ein roman av Nabokov. Men det er snart 50 år sidan Nabokov døydde, og det kjem ikkje fleire elevar frå hans kateter. Dessutan tente han så grovt med pengar på Lolita at han slutta å undervisa og sikra seg skrivefred på eit hotell i Sveits.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

De har mitt ord på det, sa Graham – to ­gonger. Det ordet har han no gått tilbake på.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis