Skattehumoristane har ei høgborg

Brooke Harrington risikerer ei bot på 11.500 danske kroner fordi ho har halde foredrag om skattespørsmål for skattekomiteen i det danske Folketinget.
Brooke Harrington risikerer ei bot på 11.500 danske kroner fordi ho har halde foredrag om skattespørsmål for skattekomiteen i det danske Folketinget.
Publisert

Rolv Wesenlund, Harald Heide-Steen jr., Gunnar Haugan, Hasse Alfredsson og Dirch Passer har alle gått bort, men dei danske skattehumoristane held det gåande på tredje hundreåret, om det ikkje er det fjerde.

I går, torsdag 23. november, møtte den amerikanske skatteeksperten og samfunnsøkonomen Brooke Harrington for politiet i København. Ho risikerer ei bot på 11.500 danske kroner fordi ho har halde foredrag om skattespørsmål for skattekomiteen i det danske Folketinget. Komiteen risikerer òg bot fordi dei inviterte henne til dette lovbrotet, men dei ligg an til berre 10.000.

Brooke Harrington, som er 49 år gamal, har i åtte år vore professor ved CBS – Copenhagen Business School. Ho vart invitert av leiinga ved denne læreanstalten til å arbeida der. Ho har skrive ei bok som er utgjeven av Harvard University Press om bruken av skattely. I tillegg til dei akademiske kvalifikasjonane har ho to års utdanning som kapitalforvaltar for å sjå denne bransjen frå innsida.

Dette er ekspertane som hjelper rike menneske med investeringar på trivelege stader som Cayman Island, Jersey, Guernsey, Dei britiske Jomfruøyane, og Panama.

Og grunnen til bota? Som utlending i Danmark har ho ikkje lov til å arbeida utanfor CBS. Da må ho ha dispensasjon. Det har ho søkt om denne månaden, for ho skal halda eit foredrag – gratis – for sosialdemokratane i Frederiksberg, ein liten kommune i København. Der ligg Storm P.-museet, og humoristen Robert Storm Pedersen skulle ha fått oppleva dette.

– Å fylla ut desse 19 sidene tek meg 15 dagar i samarbeid med ein representant for sosialdemokratane i Frederiksberg. Ingen av oss har tid til dette, sukkar ho.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement