Sjakk

Internasjonal nyttesjakk på lågt nivå

Utan at det har vore synleg på bankkontoen eller på idrettssidene, har eg hatt direkte nytte av sjakkspel på mitt svært låge nivå dei siste 60 åra, skriv Per Egil Hegge.
Utan at det har vore synleg på bankkontoen eller på idrettssidene, har eg hatt direkte nytte av sjakkspel på mitt svært låge nivå dei siste 60 åra, skriv Per Egil Hegge.
Publisert

Det stig neppe hurrarop til skyene frå dei tusen heimar i kongeriket når utsynet i dag handlar om nytteverdien, den konkrete nytteverdien, ved å spela sjakk. Utan tvil er det meir enn nok av svidde eller seine middagar fordi to sympatiske karar i slutten av 20-åra sit bøygde over eit sjakkbrett i London på tredje veka, om ein ikkje skal lesa om slikt i tillegg.

Utan at det har vore synleg på bankkontoen eller på idrettssidene, har eg hatt direkte nytte av sjakkspel på mitt svært låge nivå dei siste 60 åra, heilt frå medlemskapen i Steinkjer sjakklag da eg gjekk på landsgymnaset og budde på hybel i byen.

Mellom dei pedagogiske knepa som stod høgt i kurs, var tyske attforteljingar. Lektor Ulseth las ei kortnovelle, og vi skulle sitja med armane i kors og hugsa det vi makta, og så skriva forteljinga – eller det vi hugsa av henne – i eit hefte.

Eg fann ut at dette var eit spørsmål om å konsentrera seg. Konsentrasjon er viktig når ein spelar sjakk, og slikt kan oppøvast. Spesielt er det god trening om ein spelar blindt, altså utan å sjå brikkene eller brettet. Så det tok eg til med. Ei auka sjølvkjensle var eit frynsegode – medelevar vart lett overtydde om at dette måtte vera umåteleg vanskeleg. (Det er det ikkje, men det sa eg ingenting om.)

Livet er uføreseieleg, og vel ti år seinare budde eg i Moskva. Det var ingen grunn til å yppa til blindsjakk mot dei innfødde; her var vi brått på eit høgare åndeleg plan enn i Trøndelag. Dessutan spela Boris Spasskij mot Tigran Petrosjan og tok VM-tittelen frå han den sommaren. Men ein tur ut i ein av parkane med sjakkbrettet under armen førte alltid til eit parti sjakk og ein prat – god avkopling frå dagens Pravda. Og dialogen med motspelaren hadde alltids frodige innslag frå dagleglivet i verdsbyen. Dessutan kunne eg intervjua spelarar som Mikhail Botvinnik, som var tidlegare verdsmeister og kjend for å ha Russlands mest stabile humør: Han var alltid sur etter at han tapte tittelen. Jurij Averbakh redigerte sjakkmagasinet Sjakhmaty v SSSR – han lever enno, 96 år gamal. Konsertpianisten og sjakkstjerna Mark Tajmanov fekk eg òg møta.

I Oslo var det ein sjakkliga med lag frå verksemder. Aftenposten var med, og eg var plassert på fjerde eller femte bord. På første bord spela anten Svein Johannessen eller Knut Bøckman. Dette dabba av etter kvart, det vart meir arbeid og mindre sjakk. Dessutan er det eit dårleg trekk å gjera lyset i livet sitt og mor til eigne born til sjakkenke. Vart det for mykje sjakk, las eg eit kapittel i Nabokovs roman Luzjins forsvar om ein sjakkspelar som vert ravande galen. God vaksine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement