JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Så vart koronaen farleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein litt meir uformell Donald Trump spelte inn i ei videohelsing frå sjukehuset førre laurdag.

Foto: Det kvite huset / Reuters / NTB

3791
20201009
3791
20201009

Da president Donald Trump og motkandidaten hans, Joe Biden, møttest til fjernsynsduell for ei dryg veke sidan, var Trump tydeleg svært nøgd med ein replikk om feige folk som går rundt med andletsmaske som vern mot koronasmitte: «Biden går alltid rundt med den største maska som er å sjå.» Berre to døgn seinare reiste presidenten med helikopter frå Det kvite huset til spesialsjukehuset Walter Reed like ved Washington for å leggjast inn der som pasient. Han hadde maske, og han hadde fått diagnosen covid-19, som dei fleste av oss kjenner betre som korona.

Dei fleste har fått med seg at den smittsame sjukdomen etter hans meining er temmeleg ufarleg, og han har gjort svært mykje for å bagatellisera at over 200.000 amerikanarar har mist livet i epidemien, eller pandemien, for å bruka eit ord som nesten ingen av oss hadde høyrt, og i alle fall ikkje lært oss, for eit halvår sidan. For dei som har fått nekrolog og gravmæle, var det altså ikkje spesielt ufarleg.

Sjølv fekk eg koronadiagnosen i midten av mars, og det skremde Erna Solberg og Bent Høie slik at dei stengde heile landet ned same veka. Eg har vore i karantene, eg har skaffa meg maske, til og med gått med henne nokre gonger, eg har hatt symptom som har variert mellom influensaliknande plager med lett feber, litt tørrhoste, halsvondt og mageknip. Lite å jamra over og enda mindre å skryta av, og helikopter klarar eg meg utan. Eg får medisin, og da aukar vokabularet mitt, for dei same medisinane står det om i telegram frå Washington. Dexametason, eit steroid som dukka opp no ved månadsskiftet i telegramma frå USA og smakar pyton slik skikkeleg medisin skal gjera, stod på menyen ei vending i sommar. Det hadde eg aldri høyrt om før. Som Trump er eg ein mann langt opp i åra, og eg burde ha kvitta meg med nokre kilo. Ingen av oss to har nådd så langt.

Men sidan eg ikkje bur i Sverige, har eg kjent meg i brukbar form i månadsvis og er ved godt mot. Eg søv bra og et enda betre, og så får det heller vera det same om det vert berre sparsamt med turrenn denne vinteren òg. Walter Reed-sjukehuset køyrde eg forbi nokre gonger i dei åra eg budde i Washington. Ein ven som er militær, vart operert der, for ryggplager, og han kunne rosa seg av at det var «presidentlaget» som tok jobben. Den gjengen har sving på knivbruken sin, enda det er sjeldan at presidenten er innom – han har eit land å styra og vil gjerne veljast på nytt. Venen min har vore frisk sidan.

Sidan president Trump lenge hadde formulert seg spydig om folk som trur at korona er farlege greier, er det vørd- og smaklause folk som no snakkar om Nemesis, ei dame som av og til kan vera litt sein i avtrekket, men det skal ho ha: Fast i klypa er ho. Etter at Trump fekk diagnosen, vart tvitringa hans spakare, og han snakkar om at han reknar med å friskna til. Med andre ord: Han vart altså sjuk av koronaen, enda han i fleire månader hadde sagt pytt, pytt og stempla pandemien som ufarleg. No viser det seg at han måtte ha ekstra oksygen, noko som er eit faresignal.

Når slikt kjem i innspurten av ein valkamp, får folk i mitt yrke travle dagar. Da duger det ikkje med oppslagsbøker. Den medisinske skriftlærde som orienterer oss om Trumps tilstand, Dr. Sean P. Conley, er noko så fint som osteopat. Det lever enno folk som hugsar den førre osteopaten som fekk ei rolle i ei politisk krise: Det var i 1963. Han heitte Stephen Ward og var osteopat i London under Profumo-skandalen, som sette punktum for statsminister Harold Macmillans karriere og sende det britiske konservative partiet i opposisjon ved valet året etter.

Osteopatar er dårleg nytt for politiske toppleiarar. Det ville ha skremt meg om eg var Donald Trump.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sidan eg ikkje bur i Sverige, har eg kjent meg i brukbar form i månadsvis og er ved godt mot.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis