Så da ha dæm jubbileum
Gamle Saksehaug kyrkje har stått på Inderøy i 835 år.
Foto: Morten Dreier / Wikipedia
Ein fødselsdag eller eit jubileum er ei alvorleg sak i Trøndelag, og da er det ikkje så nøye med runde eller halvrunde årstal. Så inderøyningane slo stort på ved utgangen av september og feira 835-årsjubileet for gamle Sakshaug kyrkje.
Nidaros-biskopen, Herborg Finnset, er innflyttar frå Troms og meinte først at dette jubileet var noko ukurant – hennar ord – om ein ser tilstellinga under talmessig synsvinkel. Men ho vart overtydd om at ho ikkje burde venta til 850-årsdagen i 2034. Etter eit kort møte med den lokale fortidsminneforeininga såg ho at desse idealistane nett ingen ungdomsklubb er, og ein biskop skjønar like godt som alle andre at det for somme kan verta i lengste laget å venta i 15 år til. Livet får vi utan garantisetel. Dessutan var det andre gjester frå Trondheim på programlista: Det vidgjetne St. Sunniva-koret frå trønderhovudstaden, Schola Sanctae Sunnivae, under leiing av Anne Kleivset, baud på konsert med gregorianske songar, dei fleste a cappella (utan tonefylgje), og dermed tok biskopen ein tur lenger inn i fjorden, slik Olav Tryggvason gjorde i året 997. Ærendet hans den gongen var å forvissa seg om at kristendomen hadde festa seg hos dei skeptiske inntrønderane. Han drog til Mære, og det gjekk ikkje bra. Den uventa kongelege inspeksjonen kosta hovdingen Jarnskjegge livet, og tildraginga er lakonisk skildra av Snorre i Soga om Olav Tryggvason.
Det enda svært mykje betre vel tusen år seinare, men tradisjonane står sterkt i Innherad. Ein dansk prest vikarierte i Inntrøndelag for nokre år sidan, og han meinte at olavsdyrkinga – Haraldsson, ikkje Tryggvason – var så markant at han privat undra litt på om reformasjonen verkeleg var gjennomført der langt inne i fjordane. Dei danske kongane var litt hardare i klypene lenger sør i tvillingrika, med hard pietisme og like hard kyrkjetukt.
Gammelkjerka stod i mange år som ruin, «skapt» av bygdefolket etter at nykjerka vart ferdig rundt 1870. Dette er kyrkjearkitekturens svar på Schuberts ufullenda symfoni, for bøndene nekta å køyra meir stein etter pålagt pliktarbeid, så tårnet er bygt i tre på grunn av fraktnekt. Ordet streik var ikkje godteke i inntrønderdialekten på den tid, men det stridbare lynnet hadde bøndene teke god vare på. I 1958 vigsla biskop Arne Fjellbu det restaurerte gudshuset på nytt, og sidan har det vore brukt til både gudstenester og konsertar. I 1996 vart Inderøy kåra til landets kulturkommune, i konkurranse med mellom andre Sandefjord, og det rike kulturlivet i bygda kom saman med dei tilreisande frå Trondheim – eller kanskje helst Nidaros i denne samanhengen? – til å setja sitt merke på 835-årsfeiringa.
Det er sterk symbolikk i at bilethoggaren og teiknaren Nils Aas (1933–2004) har fått gravmælet sitt like ved kyrkja, med eit utsyn som truleg inspirerte Aasmund Olavsson Vinje til diktet «Her ser eg fagre fjord og bygder» under Ferdaminne-reisa i 1860.
Og feiringa hadde innslag av moderne forskararbeid: Steinhoggarsignaturane i gamle Sakshaug kyrkje viser at mange av desse fagfolka hadde vore med på å byggja dei første «utgåvene» av Nidarosdomen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.