Utsyn frå Inderøy

Putins uvener?

Ein av dei russiske politikarane som har kome på kant med president Vladimir Putin, heiter Dmitrij Gudkov.

Den russiske opposisjonspolitikaren Dmitrij Gudkov flykta til Ukraina etter å ha fått trugsmål om arrestasjon i Russland.
Den russiske opposisjonspolitikaren Dmitrij Gudkov flykta til Ukraina etter å ha fått trugsmål om arrestasjon i Russland.
Publisert Sist oppdatert

Ein av dei russiske politikarane som tydelegvis har kome på kant med president Vladimir Putin, heiter Dmitrij Gudkov, og i førre veka fann han det mest forsvarleg å ta seg over grensa frå Russland til Ukraina. Han har lenge vore medlem av den russiske nasjonalforsamlinga.

Det er lett å forveksla han med ein annan Gudkov, Lev Gudkov, ein 74 år gamal sosiolog som er sjef for Levada-senteret, eit russisk meiningsmålingsbyrå med høg status. Det har namnet sitt etter Jurij Levada, som i mange år var kollega og nær medarbeidar av Lev Gudkov, og som døydde i 2006.

Frå Levada-senteret har president Putin jamt og trutt fått stadig dårlegare tal, og byrået har vist mange teikn på at statssjefen vert mindre og mindre populær hos russarane. Den misnøya som har kome til uttrykk, har utgangspunkt i den økonomiske utviklinga i Russland, og særleg har det vore vanskeleg for Putin å lykkast med å oppfylla lovnadene om ein aukande levestandard i landet.

I den siste tida før han brått drog i eksil til nabolandet, har Dmitrij Gudkov slett ikkje freista å underslå at han hadde fått barske åtvaringar om at han kanskje kunne ha mykje dårleg nytt i vente dersom han skulle velja å verta verande i Moskva. Med dei tradisjonane som russiske leiarar ofte har halde seg til dersom dei vil gjera livet vanskeleg for motstandarar, er dette etter måten siviliserte metodar.

Godt eksempel på demokratisk praksis er det så visst ikkje, men korkje i Stalins eller i Brezjnevs tid var det slik at ein kunne velja utreise og eksil utan risiko for ein svært ulykkeleg utgang og direkte livsfare. Sett under eitt har dette gjerne vore meir enn nok til at folk mista appetitten på å engasjera seg i ein vidare politisk karriere.

Det var ikkje berre alt det dei kunne utsetja seg for reint personleg; i reknestykket måtte dei ta med kor store kostnadene kunne verta for nære slektningar og familiemedlemer. Dei situasjonane som den opposisjonelle politikaren Aleksej Navalnyj ofte har hamna i, er talande illustrasjonar på dei vilkåra slike folk arbeider under.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement