Putin, Trump og framtida
Førre helg gjekk 50.000 ut i gatene i Moskva og demonstrerte mot å halda opposisjonelle vekke frå vallistene.
Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB scanpix
Dette er ein falsk avistittel. Eg skal ikkje skriva om framtida. Journalistar bør ha meir enn nok med fortida: Finna ut, så godt vi kan, kva som har hendt, og fortelja, så godt eller dårleg vi kan, om det. Framtida melder seg tidsnok, og vi bør hugsa eit visdomsord frå den britiske politikaren Harold Macmillan. Han vart statsminister i 1957, 62 år gamal, og ein ung pressemann spurde han kva han mest ottast ved å ta eit så krevjande verv:
– Hendingar, guten min, hendingar, var svaret.
Vi journalistar klarar oss kleint utan hendingar. Men vi burde ha lært at vi ikkje skal overvurdera evnene våre til å spå. For det som ventar rundt neste sving, veit vi lite om. Sjølv framtidsforskarar, ei lita yrkesgruppe og eit svært sjølvmotseiande ord som eg ikkje har så høgt på den private totempålen min, bommar. Dei kjem til å halda fram med det; det er ein lite risikabel spådom.
I bakspegelen er det meste klårare, og der ser jamvel vi betre. I mars fekk ein av dei mest vidgjetne medarbeidarane i det amerikanske vekemagasinet Time på trykk ein artikkel om den dundrande framgangen Russland kan visa til for tida. Hovudeksemplet hans var president Putins nære samband med det stabile 29 år gamle regimet i Sudan, der president Omar al-Bashir var ein av Kremls trufaste allierte. Før neste nummer nådde abonnentane, sat ekspresident al-Bashir i fengsel. Der sit han framleis.
Kva om denne eksperten i staden hadde skrive om den store kinesiske framgangen og Kinas enorme investeringar i Afrika, eller nemnt at den russiske økonomien har stagnert dei siste ti åra, at russiske meiningsmålingar lenge har vist eit jamt fall i Putins popularitet, og at det russiske forsvaret er plaga av svært alvorlege tilbakeslag? Den ferskaste så langt kunne han ikkje ha fått med: rakettulykka med radioaktiv lekkasje på Njonoksa-basen ved Arkhangelsk for ei veke sidan. Minst fem dødsoffer, og ei ny øving med motstridande rapportar som sikrar at folk ikkje trur anna om styresmaktene enn at dei lyg. 50.000 russarar demonstrerte i Moskva no i helga. Protesten deira galdt meir enn arrestasjonane: Eitt ankepunkt er metodane for å halda opposisjonelle vekk frå vallistene. Politiet tok hand om ein ung demonstrant fordi ho las høgt frå den russiske grunnlova. Ho var spesielt og treffsikkert «uheldig» fordi ho tok med ein paragraf som garanterer ytrings- og demonstrasjonsfridom.
Eit regime som må bryta eigne lover for å låsa så farlege folk inne, er redd for eitt eller anna. Forfattaren Andrej Sinjavskij (1925–1997) prøvde seg med det same argumentet da han sat i avhøyr hos KGB i 1960-åra. (Den sovjetiske grunnlova hadde den same rause paragrafen.) Han fekk til svar, fortalde han meg da eg tolka for han under reisa hans i Noreg i 1976: «Kan du ikkje få inn i den fordømte treskallen din at grunnlova, ho er skriven for utlendingar, ho. Her, i dette avhøyrsrommet, er det vi som styrer, og med deg gjer vi som vi vil!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.