Putin som balansekunstnar

President Vladimir Putin og patriark Kirill då det første minnesmerket over offer for sovjettida, «Sørgemuren», vart avduka i Moskva.
President Vladimir Putin og patriark Kirill då det første minnesmerket over offer for sovjettida, «Sørgemuren», vart avduka i Moskva.
Publisert

«Ein valtale», skreiv ein russisk kommentator da president Vladimir Putin avduka minnesmerket «Sørgemuren» i Moskva 30. oktober. Ingen tvilar på at han stiller opp til attval for ein ny seksårsperiode til våren, jamvel om han ikkje har sagt noko enno.

Da kan han sitja i Kreml til våren 2024, og i ein alder av 71 år og fem månader – like gamal som Donald Trump er no – kan han verta pensjonist etter å ha styrt mest like lenge som Stalin.

Stalin, eit namn det framleis er vanskeleg å nemna, er undertonen både i talen og for det spesielle minnesmerket. Sørgemuren, Stená Skorbi, er reist av 170 steinar, éin frå kvar av 170 fangeleirar og fengsel i GULag-systemet. Muren står ved eit trafikk-knutepunkt i Moskva, der den store ringvegen og Sakharov-prospektet kryssar kvarandre.

Datoen er fastsett som minnedagen for dei politiske offera for kommunismen, og i det silande haustregnet var Putin klår nok: «Dei politiske brotsverka i Sovjetunionen kan ikkje rettferdiggjerast.» Han tok sterkare i: «Den grufulle fortida er det uråd å rettferdiggjera med at såkalla meir høgverdige gode vart sikra for folket.»

Av dei som framleis hyller Stalin, er det få, om nokon, som meiner at dette ordvalet sømer seg ved hundreårsdagen for den kommunistiske revolusjonen. Det har aldri vore lett å handtera russisk historie, anten ein sit på sjefkontoret i Kreml eller er tidlegare politisk fange, eller er i slekt med nokre av dei mange som ikkje kom heim frå leirane.

Men, skreiv avisa Novaja Gazeta, «før valet i mars neste år er det ingen i Kreml som har lyst til å erta opp dei intellektuelle eller dei russiske stalinistane».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement