Pressekonferanse for éin person

Det kom ein telefon frå høgsterettsjustitiarius Carsten Smith.
Det kom ein telefon frå høgsterettsjustitiarius Carsten Smith.
Publisert

Éin einaste gong har det hendt meg at det vart halde ein pressekonferanse for meg åleine. Den slags kan få slike som meg til å gå heilt av sporet og ta til å hyle mot fullmånen og visa andre teikn på eit ustyrleg ego. Men det hende i samband med ei viktig sak, og om til dømes Nav hadde lagt seg innhaldet på sinne, hadde vi vore sparte for mykje.

Historia er innfløkt. Men fatt mot: Dette er kortversjonen, og i grunnen er det ein lovsong til det norske demokratiet.

Startpunktet er eit injuriesøksmål som ein kirurg i Bergen tok ut mot Bergens Tidende i 1986. Han hadde invitert avisa til den nye klinikken sin, der han med moderne utstyr retta på brystvernet hos kvinner som ynskte å ta seg betre ut. Det var ein svært positiv reportasje, heilt på grensa til tekstreklame.

Reklameeffekten gjekk opp i røyk da eit dusin kvinner som hadde lagt seg under kniven hos denne kirurgen, melde seg i redaksjonen og sa at medisinmannen hadde skamfert dei. Eit par av dei lét seg fotografera – det gjaldt strekninga frå halsen til like over navlen. Det såg ikkje pent ut, og rimeleg nok var det no svært få som søkte til klinikken. Kirurgen meinte at han hadde mista levebrødet på grunn av reportasjen. I byretten, som det heitte den gongen, fekk han medhald, og avisa måtte betala erstatning. BT anka, og vann i lagmannsretten. Kirurgen anka til Høgsterett. Der vann han, og avisa vart dømd til å betala vel tre millionar kroner, pluss sakskostnader.

Eg skulle skriva leiarkommentar. Vi er no komne til 1994. Det var ein fredag ettermiddag, tida var knapp, det var plunder med kopieringsutstyret, og eg sat i Høgsterett og beit negler og såg på klokka. På veg attende til redaksjonen gjekk eg og las, og det var nære på at det kosta meg livet. Eg såg at om domen vart ståande, ville det ikkje vera mogleg å driva kritisk reportasje om helsevesenet i kongeriket heretter. Eg var kjend med paragraf 90 i Grunnlova: «Høiesterets avgjørelser ere endelige og kunne ikke paaankes.» Situasjonen greip meg slik at eg steig ut i gata rett framom ein bil. Hadde det ikkje vore for gode bremsar og ein svært dyktig sjåfør, vel…

Men BTs advokat tok saka til den europeiske menneskerettsdomstolen, EMD, i Strasbourg. I ei avgjerd 2. mai 2000 reiv domarane der den norske avgjerda i småbitar. Dei tilkjende avisa seks millionar kroner, med renter og andre gode.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement