Partiet som «inte finns»

Finansminister Magdalena Andersson var stolt over å halde Sverigedemokraterna på avstand.
Finansminister Magdalena Andersson var stolt over å halde Sverigedemokraterna på avstand.
Publisert

Det er vanskeleg nok å fylgja med i alle krumspringa i svensk politikk, om ein stakkars utlending ikkje skal ha eit auge på dei svenske meiningsmålingane i tillegg. Så det er vel ikkje stort fleire enn oss som er heilt ute av stand til å styra ei altfor glupsk interesse, som har registrert at Sverigedemokraterna i februar vart det største partiet på den siste gallupen som grannefolket vårt har kosta på seg i vinter.

Meiningsmåling er meiningsmåling, og eit val er noko heilt anna, så kanskje skal vi ta det med ro ei stund til. Men det kan vera klokt å minnast spådomen ein av dei mange Rasmussen-statsministrane i Danmark plumpa ut med da han sa seg trygg på at Dansk Folkeparti aldri ville få noka maktstilling: «Stuereine vert dei aldri.» Det gjekk ikkje lange tida før Poul Nyrup R. måtte ta med seg ministrane sine ut av regjeringskontora – utan at Dansk Folkeparti gjekk inn.

For svenske politikarar har det vore langt tyngre enn for norske og danske å finna seg i at eit parti som dei av alle krefter mislikte, skulle koma i nærleiken av ein ministerposisjon. Mest poetisk kom dette til uttrykk da finansminister Magdalena Andersson i eit fjernsynsintervju i 2014 fortalde korleis ho heldt Sverigedemokraterna på avstand: «Grupperommet deira har eg hatt som nabo i Riksdagsbygningen. Men det er ei glasrute med stor gardin mellom dei og meg. Og når eg trekkjer for gardina, kan eg ikkje sjå dei.» Ho var tydeleg stolt over denne oppdaginga.

Utan at ho sa det rett ut, var det tydeleg at ho dermed meinte at Sverigedemokraterna ikkje eksisterte, i alle fall ikkje i hennar verd. I zoologien er det slik strutsen handterar omverda når ho vert for vanskeleg. Det er altså mykje å læra av strutsen.

Tidleg i hundreåret var det eit skandinavisk presseseminar på Lysebu i Oslo, og emnet var innvandringa i dei tre landa våre. Ein svensk kollega, som arbeidde i Sveriges Radio, ville ikkje vera med i diskusjonen, for det var ikkje noko å diskutera: I Sverige er ikkje innvandringa noko problem, sa han. Tøger Seidenfaden, som var sjefredaktør i København-avisa Politiken, var ikkje heilt samd:

– Høyr her. Eg bur i København, 25 kilometer frå bydelen Rosengård i Malmö, og der har de da nokre problem med innvandring og innvandrarar, sa han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement